– Tre stykke i kajakk var ute i fjorden, ute i bukta ved sentrum i Sandane. Den eine tippa, men dei to andre klarte å få vedkommande til land, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 18.30.

– Han hadde redningsvest på seg og trengde ikkje besøk hos lege, men han var sikkert veldig kald. Eg kan ikkje tenkje meg at det er noko særlege temperaturar å bade i no, så heldigvis gjekk dette veldig bra, seier Holme.