Dramaet på Leirvik skjedde klokka 05.15 fredag morgon i førre veke.

— Eg låg på sida på den smale båra. Eg kjende det pressa på, og så sa det berre «blopp». Eg var i mi eiga verd, men eg trur det var opplett. Det einaste eg hugsar er nokre oransje veglys, seier sotraværingen Venke Arefjord til avisa Grenda.

Venke Arefjord og mannen Odd Natvik bur for tida på Husnes i Kvinnherad. Då vatnet gjekk natt til fredag, måtte paret reise med ambulansebåt frå Husnes til Stord sjukehus.

— Eg hadde aldri trudd ho skulle føde før vi kom fram til sjukehuset. Tenkte ikkje i dei baner i det heile. Då det skjedde var det berre å ta det, seier mannen Odd som heldt sambuaren i handa heile tida.

Hadde fødselsangst

Rundt dei var jordmor Liv Kvandal og personalet frå ein ambulanse. Den erfarne Kvinnherads-jordmora har teke imot 43 barn heime og 29 under transport. Denne gongen var ho budd på ein fødsel i open sjø. Slik gjekk det ikkje.

Då dei løfta Venke Arefjord på ei båre opp på kaien, fekk veslejenta det travelt.

Etter den spesielle friluftsfødselen kom reaksjonen for dei nybakte foreldra. Odd måtte ta seg ein spasertur nedom Leirvik sentrum for å summa seg.

— No er eg heilt avslappa. Der og då følte eg meg nervøs og redd, seier Venke. Ho har fødd både Lena (6) og Andreas (15 mnd.) på Kvinneklinikken i Bergen. Ho vurderte å reisa til Bergen ei veke før termin, men vesle Kaia kom mora i forkjøpet - ni dagar før termin.

— Eg har hatt veldig fødselsangst, og grudde meg til båtturen. Det gjekk likevel utruleg greitt. Tenk at eg klarte meg utan smertestillande, seier Venke stornøgd til BT.

— Neste gong vert det heimefødsel, spøkjer trebarnsmammaen.

Namneforslag på SMS

Frå familie og vener har namneforslaget «Kaia» tikka inn på mobilen.

— Vi hadde tre aktuelle namn på blokka. Guro, Nora og Kaia. No er det bestemt at det må bli Kaia. Det er eit fint namn, og på denne jenta blir det heilt spesielt, seier trebarnspappa Odd til Bergens Tidende.

3680 gram og 52 centimeter er dei vitale måla på Kaia som blei fødd på kaien på Leirvik.

FLOTT FØDSEL I FRILUFT: - Eg var mykje rolegare ute i friluft, enn innandørs, seier Venke Arefjord, som fødde vesle Kaia på kaien på Leirvik. Pappa Odd Natvik er mektig imponert over prestasjonen til sambuaren. De to andre barna, Lena (6) og Andreas (15 mnd.) er begge fødde på KK i Bergen ... <br/> FOTO: MAY BRITT BERGSET, GRENDA