No er det bompengeprosjektet Kvammapakken som skaper spetakkel i Kvam.

Fire representantar nekta å delta i voteringa over ordføraren sitt overraskande kabinettspørsmål, trass røysteplikta, og sette seg på tilhøyrarplass. Resten av dei folkevalde uttrykte samrøystes tillit til dei som er valde til å tala kommunen si sak i bompengeprosjektet.

Utan dette tillitsvotumet ville dei vurdera å seia frå seg verva sine.

— Varaordførar Oddvar Brakestad (H) har lagt ned vanvittig mykje arbeid, seier ordføraren.

- Planlaus idioti!

Men det var røyster i salen som tvilte på om arbeidet er til beste for Kvam.

— Dei svarar velvillig på saker dei er samde i, det er verre å få svar når dei ikkje likar spørsmålet, sa Reidar Tolo (uavh.).

— Dette er ikkje planlegging, men planlaus utbygging. Vi må ta styring med den idiotien som føregår, tordna Tolo.

Striden står om vestre enden av tunnelen forbi Børveneset mellom Øystese og Norheimsund. Den skal etter planen koma ut nedst i ei 23 meter høg forskjering på Nes. Eit mindretal på åtte ba om at det også vert arbeidd vidare med to andre alternativ; ein lengre tunnel (til Skipadalen) og opprusting av eksisterande veg i dagen.

Saka vart reist i ein interpellasjon av Harald Kjosås (KrF), men han trekte framlegget sitt då det vart opplyst at den lange tunnelen kunne bli 45 millionar kroner dyrare, og at det heile bompengeprosjektet vert utsett. Dessutan blir det arbeidd for ei meir lagleg ordning for Hardanger feriesenter på Nes.

Omkampsjuka

Eit problem med Kvammapakken er at berre tunnelen har godkjent reguleringsplan, og einaste delprosjektet som kan setjast i gang no. Endringane på Nes kan koma med i den neste reguleringsetappen mot Norheimsund. Det var denne framgangsmåten mindretalet reagerte på.

— Vi veit ikkje om endringa kan bli godkjent. Her kan det koma motsegner, sa Inga Lill Jensen Tolo (Ap).

Ho gjekk ikkje med på at «omkampsjuka» i Kvam ikkje berre er mindretalet si skuld. Det kan vera at fundamentet for avgjerdene ikkje er grundig nok.

Så snart interpellanten hadde trekt framlegget sitt, reiste Randi Storaas (SV) det på nytt, for så å trekka det til fordel for eit framlegg frå Reidar Tolo som var noko skarpare i kanten.

Mot åtte røyster heldt heradsstyret likevel fast på Kvammapakken som er vedteken, med tunnelmunning på Nes.

Etter ein times debatt om inhabilitet og samrøre, vart ordføraren vald til kommunen sin representant i styringsgruppa for Kvammapakken, mot to røyster.

Kva meinar du om bompengeprosjektet i Kvam?