– Vi har funne to genar som ser ut til å vere assosiert med det å få KOLS, seier professor Amund Gulsvik ved institutt for indremedisin.

Saman med professorkollega Per Bakke, har han etter lang tid kome fram til to gen som kan gje kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS), melder På Høyden.

Ideen til forskingsprosjektet fekk dei i 2002, og studien blei utført fram til 2004. Mange år har gått med til analyse av data og blodprøver, og det ferdige resultatet er nyleg publisert i tidsskriftet «PLOS Genetics» .

Undersøkt 2000 bergensarar

Gulsvik og Bakke har arbeida med KOLS-pasientar heilt sidan 1985, og vore oppteken av risikoen for å utvikle sjukdommen.

– Vi såg at blant personar med like røykjevanar, så var det nokon som blei sjuke, mens andre ikkje. Vi forsto etter kvart at det ikkje berre var miljøårsaker, men at det måtte vere noko i arvemassen, seier Gulsvik.

I forskingsprosjektet har Gulsvik og Bakke undersøkt 2000 røykjande bergensarar. Halvparten hadde KOLS, og halvparten ikkje. Blodprøvande vart analysert ved Duke University i USA, der forskarane tok for seg 500.000 markørar på genane til kvar person.

– Ut frå dette klarte vi å lokalisere to genar på to forskjellige kromosom, seier Gulsvik.

Samanfallande resultat

Resultata frå bergensprosjektet er seinare stadfesta i andre studiar i Europa og Nord-Amerika. Bergensforskarane har samarbeid med forskarar frå Harvard, Duke og Nevada University.

– Kva betyr forskinga?

– Dersom ein har slektningar som har KOLS må ein i endå større grad vere forsiktig med å inhalere luftforureining, og det viktigaste er å få ei sigarettrøykfri befolkning, seier Gulsvik.

Han understrekar at sjølv om ein ikkje har desse genane, er ein ikkje utanfor faresona.

Treng vidare forsking

Lungeforskarar har lenge meint at KOLS er arveleg.

– Men no har vi fått bekrefta at det er to andre genar som spelar inn. Truleg fins det også langt fleire genar som verkar saman for å gje sjukdommen, seier Gulsvik.

Neste steg i forskinga blir å finne ut korleis ein kan hindre at desse gena utløyser den alvorlege sjukdommen.

– Genane begunstigar betennelse og øydelegging av dei små luftblæra. Vi må finne ut korleis ein kan hindre at desse blir aktivert, eventuelt blokkere dei.

KOLS er ein livstrugande sjukdom, som kjem av røyking eller yrkeseksponering for partiklar og støv.

– Tilstanden er meir alvorleg for dei som kjem inn med KOLS enn med hjarteinfarkt. I løpet av fem år er det fleire som dør av KOLS enn hjarteinfarkt, seier lungeprofessoren.

Paul S. Amundsen