— Me har - truleg som det einaste sjukehuset i Noreg - fjerna både BAM-blada og Spedbarnsboken. Dette er publikasjonar som reklamerer med gratisprøver på ulike «nyfødt»-produkt. For å få tilsendt desse må ein fylla ut ein kupong med personalia. Me fryktar at leverandørane på denne måten opprettar og vidareformidlar databasar over nybakte mødre, og at dette set telefonseljarar på sporet, seier Eide.

Stygg glipp

Blant anna syner ho til Sandvik Forlag i Stavanger, som i nesten 40 år har spreidd gratis informasjonsmateriell til vordande og nybakte foreldre - deriblant Spedbarnsboken og Svangerskapsboken. I 2004 delte forlaget ei adresseliste med eit dansk firma. Resultatet vart at 2000 nybakte mødre fekk tilbod om å tappa stamceller frå navlestrengen på sine nyfødte. Forlaget beklaga seinare saka, og kalla den for ein glipp.

Eide utelukkar ikkje at det er på denne måten Landsforeningen uventet barnedød skaffar seg lister over nybakte mødre, for å setja telefonseljarane sine på rett spor. Sjølv om foreininga seier at oppringingane er tilfeldige.

Skånar mødre

— Ved å dela ut reklamefinansiert informasjon ser me på oss sjølve som indirekte skuldige, dersom ei slik utveksling av namnelister skulle skje igjen. Me tilbyr berre sjølvprodusert informasjon her på KK, også for å skåna mødrene for det enorme kjøpepresset som reklamen representerer. Produktleverandørane står hardt på for å få innpass hos oss. Produkta deira er fagleg gode, men me seier likevel nei til alle saman av nemnde årsaker, forklarar Eide.

Ho ber nybakte mødre tenkja over at dei kan risikera å få namnet sitt spreidd når dei fyller ut produktkupongane.

— Dersom dette vert gjort utan at folk er klare over det, snakkar me om eit svært tvilsamt etikksyn, seier Britt Eide.

- Ein absurd tanke

Kari Mjør er forbrukarkontakt i SCA Hygiene Products AS - som blant anna distribuerer Libero-bleier i Noreg. Ho stadfestar at selskapet har tilgang på namnelister over vordande og nybakte mødre, men at det aldri har vore aktuelt å selja eller dela desse listene med andre - til dømes Landsforeningen uventet barnedød.

— Nei, aldri på noko tidspunkt. Det er ein absurd tanke.

Ho trur heller ikkje at dette er praksis hos andre leverandørar.

— Eg kan sjølvsagt berre snakka for oss sjølve. Men eg trur ikkje at det er vanleg å utveksla slike namnelister her i Noreg, seier Mjør.

- Trør varsamt

Hanne-Mari Bennett er dagleg leiar i Barnemagasinet, eit dotterforlag av Hjemmet Mortensen som formidlar BAM-blada.

— Telefonsalet vårt er basert på namnelister frå Telenor-tenesten Masseopplysningen. Me vaskar listene opp mot reservasjonsregisteret i Brønnøysund. Samstundes tek me avstand frå å jobba oss særskilt inn mot gravide. Her trør me varsamt, fortel Bennett.

KORT PROSESS: Me har fjerna publikasjonar som gjer gratisprøver på ulike «nyfødt»-produkt, seier klinikksjef Britt Eide ved Kvinneklinikken. Grunnen er at dei ønskjer å skjerma nybakte mødre for kjøpepress. ARKIVFOTO: THOR BRØDRESKIFT