— Alle reaksjonane til Inger-Elin Epland er forståelege. Det gjekk frykteleg galt, og vi ser svært alvorleg på det som skjedde, seier Børdahl (biletet).

Likevel deler ikkje leiinga på KK utan vidare fylkeslegens syn på at Epland burde fått antibiotika under fødselen.

— Vi er ikkje sikre på at vi er fagleg einige. Overlegen som var på vakt er ein av våre mest erfarne. Det vart vurdert å gi antibiotika, men legane meinte at det ikkje var grunnlag for det. Slik var den kliniske vurderinga der og då.

— Og kva er vurderinga i dag?

  • Det er vanskelegare å stå overfor slike situasjonar enn å vurdere dei i ettertid. Vi tar det som skjedde på alvor, og eg har sagt til fylkeslegen at vi skal gå gjennom forløpet og prosedyrane våre på nytt, seier Børdahl.

— Kvifor fekk ikkje Epland antibiotika, for å vere på den sikre sida?

  • Fordi legane vurderte det som at det ikkje var grunn til det. Det dei kom fram til er heller ikkje avvikande frå retningslinjene til avdelinga. Det er ingen tvil om at det er forskjell i bruk av antibiotika ved norske sjukehusavdelingar, men vi oppfattar vår linje som forsvarleg. Vi tar ikkje sjansar.

Han merkar seg at fylkeslegen ikkje har sendt saka vidare til Statens helsetilsyn, og tolkar det som at kritikken ikkje er så sterk.

  • Hadde det lokale tilsynet meint at vår praksis var farleg, ville saka gått vidare. Eg oppfattar heller ikkje fylkeslegens konklusjon som ein kritikk mot enkeltlegar, men mot prosedyrar.
  • Paret frå Fusa opplever KK-legar som arrogante. Kommentar?
  • Eg beklagar på det sterkaste at vi er blitt oppfatta som arrogante. Dette tar vi på alvor og skal ta opp.

— Har du høyrt kritikken før?

  • Ja, gjennom 40 år fleire gonger, men ikkje meir i Bergen enn andre stader. Eg opplever ikkje mine kollegaer som arrogante, men vi prøver heile tida å jobbe med måten vi møter pasientane på.