Leiinga ved sjukehuset fann ut at dei varsla sparetiltaka ved Kvinneklinikken førte til for store negative konsekvensar. Assisterande direktør Tore Nepstad i Helse Bergen/Haukeland sykehus fortel at dei endra planane etter at dei fekk ei konsekvensutreiing utført av avdelingsleiinga.

— Basert på det som kom fram i denne utreiinga, fann vi ut at vi ikkje kunne gjennomføra innsparingane ved Kvinneklinikken. Konklusjonen var at dei negative følgjene langt overskreid dei positive, fortel Tore Nepstad.

Det som sjukehuset ikkje kan spara ved Kvinneklinikken må dei no ta ut andre stader. Men det er enno ikkje avgjort korleis desse innsparingane skal skje. Haukeland sykehus må spara over 90 millionar kroner for å koma i kapp med krava frå Helse Bergen.

Avdelingsleiar Britt Eide ved Kvinneklinikken er glad for at dei slepp å redusera ytterlegare på tilbodet til pasientane.

— Vi føler at leiinga har forståing for Kvinneklinikken sin situasjon. Vi var redd for at vi skulle låsast fast i ein vanskeleg situasjon. Hadde ikkje vedtaket blitt omgjort, ville det fått konsekvensar for pasientbehandlinga, meiner Eide.

Ho understrekar likevel at Kvinneklinikken også er villig til å vera med på innsparingar.

— Det er ein sjølvfølgje at avdelinga må sjå på sparetiltak som alle andre. Vi må vera med i den dugnaden som pågår, etter dei evner og moglegheiter som vi har. Men den innsparinga som var foreslått, ville ført til uoverkommelege vanskar for Kvinneklinikken, forklarer Eide.

Kvinneklinikken er heilt klar på at kapasiteten deira er for dårleg, når det gjeld tilbod til kvinner med godarta gynekologiske lidingar. Dette jobbar dei no for å betra. Britt Eide ser på dette som eit langsiktig arbeid som ikkje har raske løysingar. Likevel meiner ho at ein må sjå betringar i løpet av det komande halvåret.

— Vi har ei klar målsetjing om at vi skal oppover igjen. Eg har tru på at vi skal koma oss ut av den vanskelege situasjonen avdelinga har kome i, seier Britt Eide.