HANS K. MJELVA

Som BT skreiv i går laga Miljøvernforbundet ein høyringsuttale om eit planlagt oppdrettsanlegg i Os, etter dei vart gjort merksam på saka av rike hytteeigarar. Desse hytteeigarane gav samstundes pengar til organisasjonen, som er leia av Kurt Oddekalv.

Professor Jan Fridthjof Bernt på Universitet i Bergen, som er ein av landets fremste ekspertar på forvaltningsrett, er kritisk til ei slik framferd.

— Det ligg jo i heile høyringsinstituttet at den som uttaler seg bør opplyse om han har særinteresser i saka som går ut over det som framgår av organisasjonens eiga verksemd, seier Bernt.

Skjulte bindingar

— Kan slik åtferd få følgjer for retten til å kome med høyringsuttaler?

— Blir det opplevd som fordekt, kan vere grunn til å vurdere om dei framleis har eit slikt truverde at dei bør vere høyringsinstans, seier han.

Sjølv om status som høyringsinstans ikkje blir endra, kan Miljøvernforbundet ha skada si eige truverd og dermed gjennomslagskraft ved å la vere å gjere merksam på at dei i same sak mottek støtte frå andre.

— Kommunen må passe på og vere vakne på kva dei byggjer på. Problemet er ikkje at det kjem fram noko som gjer at dei som gjev høyringsfråsegn vert diskreditert. Problemet er når ein ikkje veit det, seier Bernt.

Visste ikkje om støtte

Åge Simonsen i Miljøvernforbundet fortel at det var han som heldt foredrag for hytteeigarane om oppdrettsanlegg 9. september, og at det var han som seinare skreiv høyringsuttalen.

— Når eg skreiv den høyringsuttalen var eg ikkje påverka av at nokon støtta oss. Eg styrer med det faglege. Det er Oddekalv som styrer med pengar og slikt, seier Simonsen.

— Visste du ikkje at hytteeigarane støtta dykk økonomisk då du skreiv høyringsuttalen?

— Nei, det hadde eg ingen peiling på.

— Men høyringsuttalen er underskrive av Kurt Oddekalv?

— Ofte gjer eg det for å få litt meir tyngd på det eg skriv, seier Simonsen.

Ein gammal kjenning

Oddekalv sjølv avviser at det var noko samanheng mellom pengestøtta og høyringsuttalen.

— Når Bill Schjelderup (sjå faktaboks, red. mrk) ringer til meg spør meg om å engasjere meg i ei gammal sak, seier eg ikkje at vi treng 15.000, men viss vi skal gjere noko meir enn skrive høyringsuttale treng vi støtte. Han seier det er greitt. Så går det nokre dagar, og så seier Schjelderup at «vi har 15.000 til dokker», fortel Oddekalv.

Han legg vekt på at han har kjend Schjelderup sidan dei møttest på ein konferanse i 1990.

Schjelderup på si side seier dei gjekk til Miljøvernforbundet fordi dei trengde kunnskap om oppdrettsanlegg, saksgangen og klagemogelegheiter.