Den underlege episoden fant stad i Gulating lagmannsrett i dag, der søvn er blitt eit sentralt tema i rettssaka etter Mølster-drapet på Voss.

Etter ei pause i forhandlingane måtte psykiatrispesialisten Terje Andersen repetera ein del av det han hadde sagt, og saka, som no er inne i si andre veke, kunne gå vidare.

Retten er onsdag klar til å høyra prosedyrane om skuldspørsmålet.

Hadde siestaen vitnefast blitt påpeika i ettertid, risikerte ein å måtte ta heile saka om att.

Fleire søvnnivå

Retten lærte i går ein god del om søvn av professor Arne Holte og overlege Harald Eie. Sansynlegvis var det uheldige jurymedlemet berre i den første av fem søvnfaser; innsovning. Fase 2 har rolegare bøljer.

Fase 3 og 4 er viktige «delta»-faser som gir veksthormon til kroppen. Fase 5, med intense og klare draumar og mareritt, heiter REM-fasen. REM står for rapid eye movement, og andre kan sjå at augene lear på seg under augeloka hjå den sovande.

Professor Holte kunne fortelja at valium aldri har vore testa som sovemiddel. Virkestoffet er så likt andre stoff at ein ikkje har teke kostnaden med ein vitskapeleg test.