Sluttsifra vart så ille som 1-5, men moroa for heimepublikum varde eit godt stykke ut i andre omgang.

Ei litt lengre tå var alt som skulle til, og Voss hadde teke leiinga i opningsminutta. I staden scora Tim Nilsen den første målet for Løv-Ham etter om lag eit kvarter. Han lobba ballen enkelt over målvakta etter gjennomløping i midten.

Utlikna

Viljar Sellevoll utlikna for Voss etter fine kombinasjonar, og heimelaget heldt stilen omgangen ut, men Vegard Liland viste klasse rett før pause; 1–2.

Heimelaget mislykkast på gode sjansar tidleg i 2. omgang, og Tim Nilsen punkterte kampen etter ei ny gjennomløping.

Utspelt

Kampen var avgjort og begge lag sette innpå spelarar frå benken.

Løv-Ham fekk vist at dei sannsynlegvis har beste juniorstallen i krinsen. Kampen enda 1-5, og det kunne lett ha blitt fleire baklengs for Voss mot slutten av kampen.

KNOCKOUT: Målvakten til Løv-Ham boksar ballen ut av faresona, og Voss ut av juniorcupen.
Arne Hofseth
SÅ NÆR: Ei lengre tå i denne situasjonen ville gitt Voss første målet i kampen.
Arne Hofseth