Den ti meter høge grana i Borggarden framfor Stord rådhus deiste mot bakken og skadde to bilar i stormkasta laurdag føremiddag.

Også i natt og på morgonen herja stormen. Men ved lunsjtider stilna det og tillet mannskap frå kommunens tekniske etat å byta ut knuste ljospærer og reisa opp att julegrana som frå slutten av no-vember står godt synleg i Leirvik-byen.

Stord kommune må bu seg på å erstatta lakk— og karosseriskader som to parkerte personbilar blei påført då juletreet gjekk over ende i halv tolv-tida laurdag.