På Luciadagen laurdag er det elevar frå Langeland skule som står for opninga saman med prost Svein Arne Theodorsen og opplesar Kari Bolette Lundal.

I fjor fekk arrangementet ein lei start ved at eit barn blei bite av eit levande esel som var med.

Eselet er ikkje med i år, men neste laurdag dukkar det kanskje opp ein sau ved julestallen.