— Vi har inngått ein avtale med entreprenøre vår om heildøgnsopen veg. E. Opedal & Sønner har skaffa mannskap til heile perioden, opplyser Lars Øyre i vegseksjon Voss og Hardanger i Statens vegvesen.

— Ei gladmelding, jublar Lars Lægreid i Rv 7 Norgesvegen AS, fullt klar over at vegen fort kan bli stengt dersom vêrgudane slår seg vrange.

Sidan det er lite snø i fjellet, er sterk vind verste bøygen.

— Langtidsmeldingane tyder på at dette går heilt flott, seier Lægreid.

Kortare til Geilo

Vegen over Vidda er særleg interessant for vestlendingar som vil feira jul og/eller nyttår på Ustaoset og Geilo. Når riksveg 7 er julestengt, må dei ta omvegen om Hol, Gol eller Hønefoss, avhengig av kva vegar som er opne.

Interesseselskapet for vegen over Hardangervidda har øvd press på Statens vegvesen for å få dette til.

Grønt vegnummer

Hovudargumentet har vore den nye statusen vegen fekk ved siste årsskifte. Då vart riksveg 7 frå Hønefoss innlemma i stamvegnettet like til Hardangerbrua (tidlegare til Gol), og får grøne vegnummerskilt.

Vegen vidare frå Hardangerbrua til Trengereid har framleis svart 7-tal på kvitt skilt, og vart frå årsskiftet omgjort til fylkesveg.

Dyrt

Riksveg 7 har vore den dyraste fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet å halda open om vinteren, særleg om ein reknar kostnad pr. bil. For dei fleste er vegen ikkje ferjefri.

Berre riksveg 50 Aurland-Hol har enkelte år vore dyrare. E16 er billegast. Andre vegar ligg mellom 50 og 70 kroner pr. bil i brøytekostnader, medan dei to dyraste har vore oppe i 150 kroner.

Ille i 2007

Ekstra ille var det på Hardangervidda i 2007, med mykje dårleg vêr, hyppige stengingar og difor liten trafikk. Det førte brøyte kostnadene opp i 370 kroner pr. bil i gjennomsnitt for vinteren. Rekorden vart sett i januar 2007, med kostnad på 670 kroner pr. bil.

Råkar ein borti slike vêrtilhøve i jul- og nyttårsperioden, vil vegen verta stengt.

Kva synest du om opninga av Vidda? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!