I løpet av eit par små veker får gartnarane vita om dei får lønn for strevet. Gjennom fleire månader har dei stella og stulla med plantar i rekke og rad i dyrt oppvarma drivhus. No må dei vona at trendane held, og folk kjøper juleblomar og pyntegrønt i slikt omfang som ekspertane spådde.

Stjernesmell

Trendskifte har dei opplevt før. I «gamle dagar» var juleglede, eller julebegonia, den dominerande juleplanten her i landet. Men gleda vart ganske kortvarig då julestjerna vart lansert med sin langt kraftigare raudfarge, ein farge som er blitt trendsettande for juledekorasjonar av mange slag.

Det er denne raudfargen som er julefargen, har trenden bestemt, og begoniaen har gått på ein stjernesmell. Talet på selde julegleder er berre ein brøkdel av det som går unna av julestjerner.

— Litt synd, seier Jorid Løvtangen til Bergens Tidende. Saman med Kari Nilsen har ho ansvaret for eit hav av julegleder i drivhuset til Hjeltnes Gartnarskule i Ulvik.

— Framleis er det mange som sverger til den gode, gamle julegleda. Og andre tyr til denne planten for å variera litt. Difor går det unna nokre tusen julegleder framleis, seier Løvtangen.

Kunstsnø og dompapp

Ho ser ikkje bort frå at dei bleikrosa blomane kan vinna meir terreng i tida som kjem. Pastellfargar har vore ganske trendy ei stund.

Pyntegrønt som sypress har fått eit lite tilbakeslag dei aller siste åra. På planteskulen i Ulvik halverte dei i år produksjonen, samstundes som gartnarskuleelevar har kasta seg på salsfremjande tiltak, fortel Guri-Kristin Batta Bjørnstad til Bergens Tidende.

— Dei sprayar sypressbusker med «snø» og plasserer nisse, dompapp eller gullfugl inn i det grøne, forklarer ho.

Med raud cellofan rundt potta, tek det seg staseleg ut.

Snittblomar høyrer også med til jul; roser, nellikar og tulipanar.

Vrihassel er langt frå fargerik, men dei snodde hasselgreinene kan danna ryggrad i mange dekorasjonar, og er blitt ein god produksjon i det private Hjeltnes Gartneri ute på Viknes. Der dominerer alpefiolar i drivhuset. Dei kvite fiolane har blitt svært populære til pynt i adventstida, og vil sikkert ha sin plass innimellom alt det raude til jul også.

Fleirestjernes

Men det er julestjerner det går i. På Ljones i Kvam er det i år dyrka ikkje mindre enn 320.000 av dei, i ulike variantar.

Den mest populære sorten er kanskje «Solfrid», oppkalla etter ei gartnarkone på Ljones.

Utgangspunktet er ein einstaka plante, med ei einsleg raud «stjerne» i toppen. Men bryt du av toppen litt tidleg i plantelivet, veks det ut fleire greiner som kvar får ei stjerne i toppen. Både to- og trestjerners julestjerner er no minst like vanleg som den tradisjonelle einstaka.

Men einstaka er einerådande i det nyaste påhittet, minijulestjerne. Ein liten plante i ei lita potte. Dei er små nok til kuvert-dekorasjonar på hotell og restaurantar, og er blitt kjempepopulære blant ungdom til små borddekorasjonar, gjerne kombinert med telys.

— Minijulestjerne er blitt ein ganske stor produksjon etter kvart, seier Harald Ljones til Bergens Tidende.

O JUL MED DIN GLEDE: Kari Nilsen (nærast) og Jorid Løvtangen steller juleglede (Begonia cheimantu). Den gamle favorittplanten til jul er klart forbigått av julestjerna, men blir framleis etterspurt i tusenvis. <br/>Foto: RUNE SÆVIG