Då mannen i midten av 20 åra, blei kasta ut frå ei leilegheit på Sandane, reagerte han med å kaste ein stor stein gjennom baderomsvindauget til huseigaren. Politiet fekk melding om skadeverket klokka 00.45 natt til 4. juledag.

– Det var fleire folk til stades i leilegheita som ikkje bur der til vanleg. Ein person var ikkje lenger ønskja som gjest, og like etter at han blei kasta ut, kom det ein stein i retur, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Baderomsvindauget blei knust, men resten av skadeomfanget er førebels ukjent. Inger personar skal ha kome til skade i steinkastinga.

Huseigar har fortalt at han vil melde hendinga til politiet.