«E' du mann og vil handla i fre' — Vi held ope ein time te'» står det på plakaten framfor forretninga midt i Skålagato i Rosendal. Og fleire menn let seg lokka av spesialtilbodet.

— Men dei fleste kjem ikkje før dei siste kveldane før julafta, seier den humoristiske gullsmeden. Som også prøvde same lokkemetode på Kvinnherad-mannfolka siste veka før jul i fjor. Mellom klokka 19.00 og 20.00 er butikkdøra open berre for menn.

Damer fekk lov

— Eg har ikkje sjekka med likestillingsombodet, så det er vel litt på kanten. Men så er eg ikkje så streng, heller. Her ein kveld stoppa to damer i døra litt etter klokka 19.00 og spurte om dei fekk koma inn. Det fekk dei, og det var heilt i orden også for to menn som alt var inne i butikken, fortel Atle Fredheim (33) til Bergens Tidende.

— Kvifor gjer du dette?

— Eg er jo mann sjølv, og veit at å gå i butikk ikkje er verdas kjekkaste gjeremål. Eg trur menn er meir opptekne av god service enn damene. Dei vil ha ro, minst mulig stress. Her får dei god service, litt å drikka og å bita i, og ein sigar visst dei er snille. Damene seier at menn er enkle, men husk at dette gjeld den viktigaste presangen i året. Då skal det gjerast skikkeleg, meiner gullsmeden

Atle Fredheim overtok Ingrid Høyland sin brukskunstforretning i forfjor. I eit hjørne driv han med sine gull- og sølvsmedarbeid. Då BT var innom laga han ein sølvkopi av ein gammal mansjettknapp som blir til slipsnål og årets julegåve frå ei kone til ein snill mann.

Fredheim har sjølv kreert Munchs «Skrik» som brystnål og slipsnål i sølv.

Diamant som mannens ven

— Nokre menn kjøper «Skrik» til konene sine. Men favoritten er diamant. Det blir sagt at diamantar er kvinna sin beste ven, men av og til er dei mannens beste ven óg, seier Atle Fredheim og smiler.

— Dei kjekkaste kundane er dei som kjem i kjeledress fem minutt før stengetid klokka tolv julafta. Dei gjer det bevisst for å ha litt lått og løye rundt det.

— Kva er reaksjonane på påfunnet ditt?

— Folk synest det er løye. Damene synest óg det er veldig greitt å få mennene ut av huset ein times tid, seier Atle Fredheim.

EKSTRASERVICE: Gullsmed Atle Fredheim (33) i Rosendal synest at menn har krav på ekstraservice i julegåvehandelen og har ein time ekstra ope for dei om kvelden.<p/>Foto: OVE OLDERKJÆR