— Då senker me skuldrene, og pustar godt inn, seier aerobicinstruktør Kristin von Streng og tek eit langt andedrag.

— Er de klare for å trena på 2. juledag?

— Jaaa! Kjem det frå 21 trippande treningsentusiastar.

— Nokon kjenner seg kanskje litt seige i kroppen, men etter oppvarminga kjem all energien fram, lovar von Streng.

Straks er armar og bein i gang. Forsamlinga ber lite preg av å ha vore gjennom to late juledagar. For dei er DansAerobic på Sats å føretrekkja framfor farmor si delfiakake på andre juledag.

For første gong har Sats Bergen ope alle dagar i jula, inkludert julaftan, 1. juledag og 1. nyttårsdag. Medan du og eg sit i godstolen og knaskar sjokolade, er altså dei sprekaste på treningssenteret og syklar, dansar og løfter vekter.

Liang Feng Dai er ein av sprekingane. Ho trenar nesten kvar dag, jula er ikkje noko unntak.

— Treninga gir meg meir energi, og så blir eg i betre humør. Eg synest det er kjempefint at det er ope i jula, seier ho.

Eli Merethe Hageberg er einig.

— Å sitja i sofaen heime er endå verre enn å ha ein stillesitjande jobb. Derfor er det herleg å få rørt litt på seg i jula og. Eg får litt betre samvit etterpå. Og viss eg tar pause heile jula, er det tyngre å koma i gang igjen med trening på nyåret, seier ho med eit smil.

Ifølgje Asle Pedersen, som er senterleiar i Sats Bergen, er det nye juletilbodet blitt godt mottatt. Berre iløpet av to føremiddagstimar i går var 71 personar innom treningssenteret.

— Me har hatt bra besøk, så eg trur det kjem til å bli ei varig ordning. Det er eit godt tilbod til dei som ikkje har familie å vera med i jula. Og så er det jo viktig å halda folk i gang, seier Pedersen.