I Bergen er den eldgamle julebukktradisjonen lagt til nyttårsafta. Andre stader er romjula julebukktid, Stord er blant vestlandskommunar der 13.dag jul er den store utkledningsdagen for borna.

I bustadfelta gjekk fantasifullt utkledde småbukkar frå dør til dør i flokk og følgje, song ein julesong og strekte varsamt fram korger og vesker i håp om søtsaker.

Julebukk-namnet skriv seg frå heidensk tid då det blei slakta bukkar til jul. Lenge var folketradisjonen å trekkja bukkehovud og dyreskinn over seg for å gå på husbesøk. Dagens julebukkar er langt mindre skremmande framtoningar.

<b>SØTE BUKKAR:</b> På Ådland på Stord var Erika Junge (6) til v. og Marte Eilifsen (5) blant mange julebukkar 13. dag jul tysdag.
OVE A. OLDERKJÆR