• Eg kan ikkje skjøna kvifor folk kvir seg for julebaksten, seier Målfrid Eide Øystese. På Steinstø i Hardanger er julebaksten årets happening.

Her nøyer dei seg ikkje med sju sortar, konene i nisseluer. I år enda dei opp med elleve. Og skulle ein skvett Jägermeister hamna i smultgryta, så er ikkje smultringane ringare av den grunn. Snarare tvert imot:

— Det lille ekstra, siterer karane Ingrid Espelid Hovig.

Det er karane som har jobben med smultringkokinga. Dei veit å halda avstand når faren for sprut av brennheitt feitt er stor.

Under oppsyn

— Vi må plassera mannfolka litt på avstand så dei ikkje går i vegen, men ikkje helt utanfor kontroll, forklarar Heidi Helgheim, som held hus til seansen.

Medan kjevlene rullar, kverna sprutar og den store komfyren i Kjedlaren, gardsrestauranten til Steinstø Frukt- og Kakebu, omskaper deig til kaker, er mannfolka samla rundt smultgryta i eige lokale.

Det vil seia; berre to av dei er heilt borte ved gryta, utstyrt med kvar sin spisepinne. Wok-pinne heiter det visst i Hardanger. Ein framifrå reiskap til å turnera smultringen gjennom det berømte holet; når deigen skal opp i gryta, når den halvsteikte smultringen skal snuast, og når den ferdige skal fiskast opp att.

Ostehøvelen er også ei flott oppfinning, som kakespade. For smultringar er spading mest aktuelt på deigstadiet.

Fire andre i laget ventar på sin tur ved smultgryta. Ventetida vert korta med testing av juledrikke og forteljing av meir eller mindre sannferdige soger.

Femtemann er kårkallen på garden. Arvid Steinstø insisterer på at julebaksten skal vera i dette huset kvar gong, ikkje gå på rundgang som dei første åra, så han får vera med.

— Blir det ikkje dyre smultringar når berre to mann jobbar, medan fem ser på?

— Ein god hobby skal kosta litt, kommenterer Olav Solheim.

— Slikt gjer vi ikkje i Polen.

Katarzyna Prochorowicz får med seg årets julebakst før heimreise etter fjerde sesongen i arbeid på Steinstøgarden. Ho svinsar rundt utan nisselue og fotograferer i eitt sett. Ein pose norsk jul til slekta heime, fekk ho med.

Jubileum

Denne kollektive julebaksten for seks familiar i Hardanger feirar i år tiårsjubileum. Dei samlast i år for 11. gong, den første i 1995.

— Eg hadde tenkt på det lenge, men på ein fest i ungdomshuset Holmatun i Øystese i 1995 vart ideen lansert og avtalar inngått på ein serviett, fortel Brit Sanne Solheim, opphavleg frå Mo i Rana.

Skriftlege avtalar er det ikkje så lett å sno seg ut av, og alle møtte. Konene baka, mannfolka passa smultgryta, og langbordet var dekt til eit felles måltid etterpå.

— Knallsuksess frå første stund. Dette kjem vi til å halda fram med i ti år til, minst, samstemmer bakstekonene.

— Bakar de same kakene kvart år?

— Nei, det har variert ein god del. Smultringar og kransekakestenger har vore med heile tida. Resten har variert etter trendar, tilgang på nye oppskrifter, og ikkje minst ungane sine krav, fortel Heidi Helgheim.

— Enkelte av sortane vert ikkje rekna som julekaker, men ungane forlanger dei, legg ho til.

Hemmeleg oppskrift

Oppskrifta på dei ekstra velsmakande smultringane har dei fått frå Surnadal på Nordmøre, og den gir dei nødig slepp på.

Dei andre oppskriftene er dei langt meir slepphendte med.

Kvar av dei seks damene stiller med to deigar kvar. Kvifor det vart elleve sortar, ikkje tolv, treng ei forklaring.

— Vel, det har seg slik at dei som laga smørkransar, vart litt for ivrige med å sveiva kverna. Før dei ansa seg hadde dei brukt opp sprutdeiga også. Det er for så vidt same deiga, berre ulike former på kakene, bortforklarer Heidi Helgheim.

Dermed vart det dobbel porsjon smørkransar i år, og ingen andre variasjonar av sprut.

— Har de julekaker til sals?

— Nei. Alt er til eige bruk. Når kakene er nedkjølte, fyller vi like mange av kvar sort i kakeboksar, slik at familiane får like mykje. Går ikkje talet opp i seks, hamnar restane på bordet til fellesmåltidet som avsluttar kvelden.

— Kan det henda, når de bakar såpass lang tid før jul, at kakene blir oppetne før julekvelden?

— Det er alltids ein risiko. Kanskje må vi innom butikken vi også, som så mange andre. Men vi har i alle fall hatt det moro i kveld.

PS: Prøv ikkje å tilsetja noko som helst i smultgryta når feittet er heitt. Det kan spruta livsfarleg.

Rune Sævig
Rune Sævig