— Kom inn, folk seier det er fint ute, dei skulle ha sett inne, seier Kurt Midttveit. Like bak Sator senter ligg huset, med «God jul» lysande frå veggen, og opplyste istappar under takrennene. Slike istappar var visst nok det siste nye i USA i fjor. I år er dei komne til Sotra.

— Denne julepyntinga tok til då vi hadde ei dotter i USA i 1998. Sidan har det berre blitt meir, seier Kurt Midttveit. Han har ansvaret for pyntinga ute, medan kona, Mona, pyntar inne.

Amerikansk er best

— Det går mykje straum med til å driva alt dette?

— Vi har fått varmepumpe, så vi sparar det inn der, flirer Kurt, og forsikrar at det ikkje dreg så mykje straum. Han har elles ikkje mykje til overs for norske julelelys. Berre trøbbel og pæreskift med dei. Det amerikanske, derimot. Kvalitet heile vegen. Då er det gode greier med ein onkel i Statane som kan senda forsyningar.

— Er det ferdigpynta til jul her no?

— Hå nei, her kjem meir, seier Midttveit. Ti store kassar med julegreier skal hentast frå garasje og loft, må vita. Her kjem meir. Til stor glede både for barn og barnebarn.

Mykje positiv respons

— Kva er det som får deg til å driva med denne utvendige julepyntinga?

— Vi får så utruleg mykje positiv respons. Folk kjem frå alle kantar for å sjå huset. Eit år eg var i Nordsjøen først i advent tok folk kontakt og var redde for at det ikkje skulle bli jul, seier Kurt. Noko slikt skal ikkje skje igjen.

— Eg har ikkje tid til å reisa ut i desember, det er jo to-tre dagars arbeid å hengja opp pynten, smiler Kurt Midttveit.

Ute regnar det tett sotraregn over istappar og fargrikt lys. Enno er det eit par veker til englar skal dala ned i skjul. Enno kan snøen dala ned som prikken over ien og bommul over julehuset bak Sator senter.

GELENDERPYNT: Kurt Midttveit har ikkje berre julepynta huset innvendig, også inne er julestemninga på plass.
Helge Hansen
JUL PÅ SOTRA: Huset til familien Midttveit er klargjort og lyser opp i regntung adventstid.<br/>Foto: HELGE HANSEN