— Mi julehelsing går til Svein Aage Valen, advokaten min gjennom heile saka, og ikkje minst, til Kåre Willoch, som hadde eit fint vitnemål for mi sak i tingretten.

Måndag 23. april 2012 er ein dato Magnus Stangeland aldri vil gløyma. Med strilelua i handa stod han i Høgsterett og høyrde dommarane frikjenna han blankt frå alle skuldingar om svindel med stortingspensjonen.

— Dommen var så klar, det var ei fryd å høyra den!

Heime på Austevoll stod jubelen i taket. Her hadde folk aldri tvilt på at gamleordføraren hadde reint mjøl i posen. No sit han med kameratgjengen og tenkjer tilbake på den vonde tida.

— Det er fem år sidan eg har gledd meg til å feire jul. Jula er ei tid der du skal sjå deg tilbake. Dei fire siste åra har eg hatt skurkestempelet i panna. 23. april vart eg frikjend i Høgsterett. No er energien og livsmotet på topp, no køyrer vi på vidare, seier Stangeland.

Kaffigjengen får takk

Kring han sit nokre av karane som møtest fast til kaffi og lefse i kjellaren på bedehuset på Storebø.

Har du vaska badet? Har du ikkje kjerring, du?

— Denne gjengen her gler hjarte mitt. Det var godt at det var støtte å få, dei kunne ikkje skjøna skuldingane.

Både som stortingsmann og verftseigar, har Stangeland prioritert å koma heim til kaffidrøsen om laurdagane.

— Eg må ha ein heimebase eg er trygg i, koma heim og ha dei same venene som før eg gjekk inn i politikken. Det betyr meir enn noko anna, meir enn pengar på bok. Hadde eg flytta til Oslo, ville eg blitt framandgjort.

Dei siste åra har kompisane sett at pensjonssaka har tyngd, men no er Magnusen tilbake til sitt gamle eg.

stangeland05(eventuellt) (1).jpg
VEGAR VALDE

— Vi har sett han bli meir aktiv igjen. Han har letta, fått eit anna drag over ansiktet. Han såg sliten ut ei stund, seier Bjarte Notnes.

— Den dagen eg bleie frikjend, samla heile gjengen seg heime hos oss med champagne. Men eg klarte ikkje drikka champagne, den svære flaska står heime enno. Eg tar den i samband med jula, seier Stangeland. Han ser fram til ei vanleg jul, med kyrkjebesøk og barnebarn, torsk på julekvelden og sjølvfiska hummar til julefrukost.

— Eg har han ståande klar. Matar han med litt småpale og slo.

Småprat og store planar

Rundt bordet pratar karane om stort og smått, frå fiske og livet på sjøen via storindustri og utbygging til rett reiskap for å vaska badet.

- Har du vaska badet? Har du ikkje kjerring, du?

— Jau, men eg tar badet. Eg brukte ein sånn ny skureklut, for noko drit! Eg måtte gå over med vanleg Jif etterpå.

HYGGJESTUND: Bjarte Notnes, Magnus Stangeland og Anders Kolbeinshavn (frå v.) i munter passiar i kjellaren på bedehuset på Storebø. Stundene med kaffigjengen har vore til god støtte for Stangeland når pensjonssaka har røynt på.
VEGAR VALDE

Med Stangeland på plass dreiar praten jamt inn på politikk.— Senterpartiet går for langt til venstre, men Ola Borten Moe er eit skinande lys, seier han.

— Det er mange Høgre-folk her. Det sit ein der òg, flirer ein kar og peikar på Stangeland. Han humrar.

— Eg meiner at dei politiske skiljelinene ikkje går mellom partia, men mellom vestlandspolitikarar, autstlandspolitikarar, trøndarar og så vidare.

Så fer diskusjonen vidare, til nytt skulebygg og symjebassenget Stangeland håpar å få på plass borti bakken. 71-åringen har stadig nye jarn i elden, men no handlar mykje om planen om å selja aksjemajoriteten i Bergen Group til det nederlandske selskapet Damen.

— Eg er oppteke av at vi sikrar bedrifta og blir eit større, meir integrert selskap. Det vil tryggja arbeidsplassane og utvikla firmaet vidare.

Avklaringa kring salet kjem først i januar. Før den tid står altså ei spesiell julefeiring for tur.

— Å få feira jul frifunnen på alle punkt, det vil gjera godt.

TRYGG HAVN: Austevoll har alltid vore Magnus Stangelands base. Aller best trivst han på sjøen i sjarken «Sørviken».
VEGAR VALDE