Alle barn er velkomne til juleverkstad på Norsk Trikotasjemuseum i Salhus på søndag. Vi serverer nysteikte pepparkaker og gløgg.

På Norsk Trikotasjemuseum er det gøy for barna. Anna kvar søndag (partalsveker) heile året er det Barnas produksjonsverkstad kl. 12-15.

Då får barna bli kjende med ull og andre tekstilar. Mellom anna kan dei vare med på å karda ubehandla ull, ull som framleis lukter sau og som er naturleg feit av lanolin.

Barna blir feite på hendene av dette vedunderlege som gjer at ull luner så godt. Kanskje blir den karda ulla saman med ein skvett vatten og litt farga tova ull, eit fint armband som ein kan ta med heim?

Søndag 2. desember har vi juleverkstad — lag fine julegåver til familie og venner. Vi serverer nysteikte pepparkaker og gløgg - så kjem vi alle i fin julestemning.