Basert på lokale råvarer av frukt og bær, først og fremst eple, lagar selskapet i Balestrand ulike fruktdrikkar. Etter fleire år med vanskeleg økonomi, har salet dei siste åra auka sterkt. Balholm omsette i fjor for over seks millionar kroner, og fekk eit resultat på 621.000.

I grunngjevinga for tildelinga av prisen heiter det at bedrifta er på veg til å bli ei viktig drivkraft innan frukt— og bærnæringa i Sogn. Balholm er med på å sikre viktige og framtidsretta arbeidsplassar i distriktet.

Bygdeutviklingsprisen, som er på 50.000 kroner, blei delt ut i samband med dagens fylkesting i Førde. Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Balholm vidare som kandidat til den nasjonale BU-prisen Innovasjon Norge delar ut.

FEKK PRIS: Balholm er med på å sikre viktige og framtidsretta arbeidsplassar i distriktet.