— Det finaste huset på Vikjo, seier Olav Eldøy om det iaugefallande murhuset i kaisvingen på Leirvik.

Eldøy har kjøpt den 80 år gamle eigedommen saman med kontorkompanjong Jo Kjetil Nielsen for mellom fire og fem millionar kroner.

Nielsen og Eldøy flyttar kontora sine til jugendhuset. Det er enno uvisst kva aktivitet som kjem på gateplan der det i dag er skobutikk, men kjøparane har kontakt med fleire interessentar.

Seljaren, Gunnar Helland, sluttar av skoforretningen til hausten. Han har avtale med kjøparane om å bli buande i husværet i toppetasjen. Farfaren reiste bygningen i 1927.

— Eit heilt spesielt hus som eg har hatt eit forhold til sidan eg kom til Stord. Det har ei eiga kraft og identitet og ligg fint til, seier Jo Kjetil Nielsen. Han driv eige arkitektfirma, og har blant anna teikna eit nytt funkishusprosjekt på Ådland på Stord og hytter i samme stil i Fitjarøyane.