– Eg kan ikkje få sagt kor glad eg er, jublar ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik.

Ho er også leiar av Voss og omland bompengeselskap, og konstaterer at Regjeringa si krisepakke set sluttstrek for diskusjonen om auke i bompengesatsane.

– Nøyaktig kor mykje ei passering vil kosta, sannsynlegvis 30 kroner for liten bil. Dette vil eg vita meir om etter eit møte med fylkeskommunen onsdag, seier ordføraren.

– Er 20 år på pinebenken lang nok straff for avvisinga av kort tunnel?

– Eg er berre så hoppande glad i dag at det grublar eg ikkje over. Vi har jobba hardt for å få dette til. No kjem vi i gang på riksveg 13 mot Granvin alt i september i år.

– Og Vangstunnelen?

– Der seier departementet berre årstalet 2010. Eg likar våren, og ser gjerne at dei kjem i gang tidleg på året, seier Gunn Berit Lunde Aarvik.

Då Vossapakko vart lansert lydde prislappen på litt under 800 millionar kroner. Men så kom justeringane og prisstigningane. No opererer departementet med 1,1 milliard kroner. 40 millionar i krisepakka gir klarering for å setja i gang så snart bompengeløyvet er vedteken. Statsråd Liv Signe Navarsete har lova proposisjon i vårsesjonen.

Grunnen til at vegen mot Granvin vert påbyrja før Vangstunnelen, skal vera at fjellet ved Skjervet egnar seg betre til massar for vegutbetringa mellom Palmafossen og Mønshaugen. I pakken ligg også nytt kryss på E16 på Stanghelle.

JUBLAR: Krisepakka frå Regjeringa fell i god jord hos Voss-ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik. ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH