— Han gjekk eit kanonløp, er trenar Egil Gjelland sin dom. Eleven frå nabolaget i Hålandsdalen brukte berre eit ekstraskudd på dei to skytingane, og kom til veksling like bak Tyskland og Italia.

Seinare klarte Norge å avansera til andreplass, 49 sekund bak Tyskland. Italia på bronse var fem sekund etter Norge. Erlend Bjøntegård og Vegar Bergli var dei to andre løparane på laget.

Sterk VM-debut

— Herleg med VM-medalje, jublar Eide, som var nøgd med sitt eige løp.

Debutanten frå Hålandsdalen har levert ein solid VM-innsats. Trass i at han var sjuk i oppkøyringa av meisterskapen, og måtte gå på ein penicillinkur i dei tre første løpa, klarte han å gå inn til ein 8. plass på sprinten og ein 9. plass på den påfølgjande jaktstarten sist helg.

Men no har han også ei medalje å hengja i skapet. Junior-VM i tyske Ruhpolding er første stemnnet der Eide konkurrerer utanfor Noregs grenser.

— Ut frå det må eg vera tilfreds med det eg har klart her. Det er ikkje til å koma forbi at eg har vore litt redusert i dei tre første løpa her, men på stafetten følte eg meg heilt fin. Godt å få vist kva eg eigentleg er god for, meiner Eide.

- Aldri gått så hardt

Han fekk køyrt seg mot italienarar og tyskarar som gjekk ut i hundre.

— Eg har vel aldri gått så hardt som på førsterunden. Eg hang på dei inn til første skyting, og klarte å få ned alle blinkane. På ståande måtte eg ha eit ekstraskudd, men alt i alt var dette bra. Eg må berre seia meg godt fornøgd med min eigen innsats i dag, svarer Eide.

No er det heim til norgescupen både for han og vossingen Thomas Fenne, som var uheldig og fekk meisterskapen spolert på grunn av sjukdom. Neste helg er det norgescup i Mo i Rana, med innlagt junior-NM i fellesstart. I mars har sølvgutten også planer om å gå junior-NM både i langrenn og i skiskyting.

Eide har Liv Grete Poirée som sitt store forbilde, og han har verdsmeistrane Egil Gjelland og Raphael Poirée som trenarar heime i Fusa. Førstnemnde har vore med i Ruhpolding gjennom heile VM.

— Det er imponerende det han har prestert. Kjekt å sjå at vi får nye gode løparar frå Hordaland, seier trener Egil Gjelland.

VM-MEDALJE: Sondre Eide var med på det norske sølvlaget i junior-VM i skiskyting i Ruhpolding. FOTO: KAESBERG
Kaesberg, Ruhpolding