GERDFINN EITHUN

Førde

På FN-dagen i går glitra det i gull på jakkeslaget til utviklingsdirektøren ved rehabiliteringssentret og UWC i Fjaler.

H.M. Kong Harald dekorerte den ustoppelege og alltid blide Magne Bjergene med fortenestemedaljen i gull.

For fylkesmann Oddvar Flæte var det og ei raud fjør i hatten ettersom han for første gong i embetet som fylkesmann i Sogn og Fjordane fekk æra av å dele ut H.M. Kongens gull.

— Vel fortent, sa fylkesmannen som understreka at Bjergene får den høge utmerkinga for summen av ein stor innsats for rehabiliteringssentret, helsesportsentret og United World College.

For å få utmerking må innsatsen vere landsomfattande, vedvarande og av spesiell verdi over lengre tid, siterte fylkesmannen frå statuttane. Han karakteriserte Magne Bjergene som «alltid blid, smilande og positiv», ein mann som går på tvers av sektorane.

— Han har vore drivande, masande, nytenkjande og positiv, sa Flæte.

Magne Bjergene sa seg serleg glad og takksam for at det var arbeidsgjevarane og arbeidskameratane som hadde søkt HM Kongen om den høge utmerkinga.

— I eit lite samfunn som vårt kjenner vi kvarandre på godt og vondt, difor er det spesielt gledeleg å få utmerkinga, sa Bjergene m.a.

Utdelinga av Kongens fortenestemedalje i gull var høgdepunktet ved tiårsfeiringa på Hauglandssentret i går.

Ved jubileumsbordsetet sa sentralstyremedlem i Norges Røde Kors, Børre Jacobsen, at dette året vil vere det første sidan opninga som gir balanse i driftsrekneskapen. Økonomien har vore vanskeleg og på grunn av høge eigenandelar hadde sentret lite klientar. Men etter kvart har det lukkast å redusere eigenandelene og auke talet på klientar. No kan det vere opp til 60 klientar på ein dag ved sentret og økonomien er i balanse utan statleg støtte.

— Men på lengre sikt er det ikkje godt nok med balanse, vi må få ei romslegare ramme med tida, sa Jacobsen og hevda at det er samfunnsøkonomisk lønsamt å ha høg kvalitet på tenestene ved sentret.