Det populære dansebandet frå Stord vil ha ein musikkpaviljong på Leirvik torg, og overrekte Stord Musikkråd ein sjekk på

25.000 kroner som startkapital. Oddvar Roseth tok imot sjekken på vegner av musikkrådet, og seier at det no er laga planar for ein allbrukspaviljong på Torget. Eit råbygg med plass til eit større orkester vil truleg kosta rundt ein halv million kroner, trur Roseth, som er strålande glad for gåva frå Chiclets.

Kommunen har gitt Stord Musikkråd fullmakt til å arbeida med den musikalske sida av ei føreståande opprustning av Leirvik torg.

Chiclets svikta ikkje sine mange tilhengjarar, og leverte laurdag kveld ein flott konsert saman med Stord Musikklag, lokale rockeartistar og solistane Margrete Lund Skorpen og Jon Anders Gjerstad. Fire tidlegare medlemmer av Chiclets kom også på scenen og song. Bergens Tidende kom diverre i skade for å skriva feil rekkjefølgje på Chiclets-medlemmene i biletteksten i omtalen fredag. Det rette frå venstre på biletet var Olav Skorpen, Arvid Nilsen, Åge Ottesen, Per Øystein Kannelønning og Torleiv Agdestein.