— Eg er veldig glad, men det er lenge til valet. Han trur framgangen skuldast satsinga på ein betre skule, omsorg og miljø.

— Og me har finansiering for det gjennom eigedomsskatt, understrekar han. Men han vil ikkje ta all æra på si eiga kappe.

— Eg veit at Kristin Halvorsen gjer ein god jobb nasjonalt. Ho dreg nok opp prosenten for oss.

Han er optimist og håpar på 20 prosent valdagen.

— SV må gjera eit veldig bra val for at Ap skal samarbeida med oss, sier Blålid, men meiner det er naturleg for SV med eit slikt samarbeid. Felles for dei to venstrepartia er motvilje til konkurranseutsetjing.

— Me vil jobba hardt mot privatiseringstankegangen til høgre-partia. SV vil ta vare på dei kommunalt tilsette. Er det mogeleg med effektivisering, skal me sjølvsagt sjå på det, men det må ikkje koma ovanfrå, seier Blålid. Sjølv arbeider han som kommunefysioterapeut med ansvar for barn og unge frå 0 ý 16 år.

Han har tidlegare drive gard på Tysnes, men er ikkje viljug til å slå eit slag for Tysnesbru over Langenuen.

— Når me får utbetra vegen over Stord til Sandvikvåg og får raskare gassferjer, vert det unødvendig dyrt å leggja kyststamvegen over Tysnes. Betre vegar innover Fusa er eg for, men veg til Våge ý NEI, seier Blålid kontant.