Bonden med utlagt slips går føre/framme/framfor og viser veg. Langs stien står fareskilta tett i tett. «Du går no mot bygdedyrreservatet.» «Lytt til erfarne bygdedyr. Dette går aldri bra.»

— Kom ikkje og sei at du ikkje er blitt åtvara, seier vegvisaren.

Han er skilta, han og. På kjeledressen heng autorisasjonen frå Det frivillege sytevesen.

Framme ved innhegninga stoppar vegvisaren. Ser etter spor. Studerer knekte greiner. Ein bit av eit skilt er vekke.

— Nokon har vore her, konstaterer Geir Styve.

Nokon kjem til å kome

I dag kjem ordføraren i Lindås ridande til reservatet. Ikkje med ordførarkjede rundt halsen, men ein kjetting med hengelås. Det er ho som skal stå for den offisielle lukkinga av verdas første reservat for bygdedyr på Hjelmås.

— Ordføraren er modig. Ikkje har ho ridd før, heller.

Reservatet ho skal lukka er forskriftsmessig utstyrt med akuttmottak, klagemur, sytefelt og utsytingsrampe. Omvisaren demonstrerer villig både liggjande, kneståande og ståande syting.

— Vi har lagt alt godt til rette for bygdedyra. Her kan dei syta i veg utan å bli forstyrra.

— Kvifor så langt utanfor allfarveg?

— Bygdedyr er farlege for folk. Derfor er det viktig å plassera dei i trygge omgjevnader, slik at ingen kjem til skade.

Utan angrefrist

Midt i reservatet ligg bolet. Taket er pepra med yndlingsfrasene til bygdedyret. «Gløym da.» «Pøh!» «Detta går aldrig bra.»

Også nølarane får sitt. Sutrebenken utanfor gjerdet er for bygdedyr som ikkje heilt klarar å bestemma seg: Skal dei gå inn eller ikkje?

— Går dei først inn, er det ingen veg tilbake, understrekar Styve.

Målet er å samla alle bygdedyr innanfor gjerdet og gjera reservatet til eit kulturminne over bygdedyra som ein gong fantest i kommunen. Å få kontroll med dyra er faktisk ein føresetnad for at Lindås skal nå sin visjon «Der draumar blir røyndom», står det i kommunedelplanen.

På skiltet over reservatporten er «draumar» bytt ut med «traumar».

Møtte bygdedyret

Bonden ligg i tenkjekøya og ler så magen ristar. For kvar latterkule kvitterer tretoppane med eit lokalt regnskyll.

Styve er humørbonde av profesjon. Varemerket tok han i 2003 etter å ha googla bonde+sutring på internett. Han fekk fleire tusen treff. Deretter googla han bonde+humør. Ingen treff.

På garden tek han imot besøk av alt frå barnehagar til bedrifter. Arrangerer kurs og aktivitetar som PC-kasting utan tilløp og hestelortsprettert. I tillegg reiser 54-åringen land og strand rundt og held føredrag om kreativitet, entreprenørskap og bygdeutvikling.

Oppmuntringstilsynet, eit anna av Styves varemerke, har køyrt fleire lokalsamfunn gjennom oppmuntringssertifiseringsprosessar, mellom anna Bjoneroa og Vestbygda i Lofoten.

Humørbondologi

Den einaste patenterte humørbonden i landet har sjølv fått helsa på bygdedyret på grunn av rare påfunn og utradisjonell gardsdrift.

— Folk tok til å snakka. Og då eg skulka slåtten, gjekk eg utanfor normene for korleis ein bonde skal driva. Eg fekk høyra i klartekst: «Dette hadde ikkje besten din likt!» Når du opplever slikt, mistar du humøret og tek til å lura på om dei har rett.

På lukkingsdagen lanserer Styve verdas første bok i humørbondologi og generell bygdedyrlære. Han har artsbestemt bygdedyret - med det latinske namnet Criticus - med seks kjende underartar. Sjølv har Styve kjempa mest med skuggedyret ( Criticus Angstus Internalis): Ang sten for kva naboane vil seia.

— Bygdedyret bur i oss alle, og det skal lite til for å utløysa det.

Vimpel opp ned

Reservatet skal betre klimaet for å tenkja utradisjonelt på bygda. Innhegninga vil også vera svært gunstig for lokalbefolkninga si psykiske helse, heiter det i kommunedelplanen.

— Dette er ein ny måte å setja psykososialt miljø på dagsordenen og inspirera til kreativitet og nye tankar. Kva er det motsette av å ta humøret og motet frå folk? Jau, å setja mot og humør i folk!

Den raude tenkjekøya er utklekkingsplass for gode idear om bygdeutvikling i humørbygda Hjelmås. Men Bulyst-prosjekt har ikkje Styve tru på.

— Du kan ikkje saksbehandla deg til suksess. Det må folk i bygda stå for sjølv. På eit møte på Hjelmås fortalde ein innflyttar at han hadde så lyst på besøk, men ikkje kjende nokon! Då skaffa me han ein grøn vimpel. Heiser han vimpelen til topps, betyr det at han vil ha besøk. Halv stong betyr at det hastar. Heng flagget opp ned, er han aleine heime.

Kva synest du om tiltaket? Bruk kommentarfeltet!

HISTORISK: Geir Styve tek ein siste sjekk utanfor verdas første reservat for bygdedyr, som lukkar i dag.
ROAR CHRISTIANSEN