— Veldig gledeleg, utbryt ordførar på Voss, Bjørn Christensen.

— Ein stor dag for oss alle! Dette har vi kjempa for så lenge, seier hytteeigar og leiar for Mjølfjell Vel, Jan Ohldieck.

— Ein siger for vår kamp, jublar leiar for Naturvernforbundet Hordaland, Tom Sverre Tomren.

Desse tre - og mange fleire - har kjempa mot Forsvarets planar om bombefelt for fly og øvingshelikopter i Mjølfjellområdet.

Brei mobilisering har ført fram. I går kom meldinga frå Forsvarsdepartementet. Forsvarsminister Kristin Krohn Devold ber Forsvaret stoppe planane for flybombing på Mjølfjell.

- Ulogiske planar

— Skal eg vere personleg, må eg seie at eg aldri har forstått forslaget om bombefelt i eit område med 500-600 hytter. Det var ulogisk i utgangspunktet, seier Vossa-ordføraren.

— Området ligg dessutan tett opp til eit naturvernområde og til «Norway-in-a-nutshell»-ruta. Støyande fly ville vore svært skadeleg.

Det var i 1999 Luftforsvaret sette ned ei arbeidsgruppe som konkluderte med at Mjølfjell skulle utgreiast med tanke på å bruke feltet til bombing frå fly og helikoptre. Forsvarsbygg fekk oppdraget.

Omtrent samtidig nominerte Miljøverndepartementet Nærøyfjorden og Geirangerfjorden til UNESCOs liste over verneverdig verdsarv - eit veldig potensial for reiselivsnæringa på heile Vestlandet. Men UNESCO har gjort det klinkande klart at med NATO-bombefelt i «nabolaget» er det ingen vits i å søkje.

Hjelp frå UNESCO

— Det er ingen tvil om at dette signalet frå UNESCO verkeleg har hjulpe oss. Dersom Forsvaret hadde stått på dette med bombefelt, ville ein søknad vorte umogleg, seier Christensen.

Årsaka til at protestane har fått gjennomslag, trur Christensen skuldast klare politiske signal, samt nær hundre prosent oppslutning om motstanden.

— Avgjerda kjem etter grundig vurdering, sa fungerande pressetalsmann Kåre Helland i Forsvarsdepartementet til NTB i går ettermiddag.

— Fleire element spelar inn, blant anna miljøomsyn og at Forsvarsdepartementet ønskjer å fortsetje samarbeidet med lokalbefolkninga og grunneigarar.

Departementet har bestemt at eksisterande skyte- og øvingsfelt ved Setermoen i Troms og Halkavarre i Finnmark skal brukast i staden for. Helland opplyser at Forsvaret kjem til å fortsetje å bruke Mjølfjell som øvingsfelt, men altså ikkje til flybombing.