TERJE ULVEDAL

Overlege Truls Jellstad og dei to andre ortopedane ved sognesjukehuset skal no forsøkje å lokke til seg pasientar frå Lista til Nordkapp. Og å skaffe nok pasientar, trur ikkje oversjukepleiar Wenche Lie Lysne blir noko problem:

— Berre på grunnlag av artikkelen Bergens Tidende laga om tilbodet vi kan gje, har vi fått mange førespurnader, seier ho.

Som einaste i landet brukar Lærdal-sjukehuset datastyring for å operere inn kneprotesar. Metoden, som er vanleg i utlandet, har gitt oppsiktsvekkjande gode resultat for pasientane. PC-styringa fører til meir nøyaktig plassering. For pasienten blir smertene mindre, rekonvalesenstida kortare og protesane varer lenger.

Overlegen og dei to andre ortopedane har sagt klart frå at dei kom til å slutte i Helse Førde, dersom Lærdal miste ortopedien.

— Dette vedtaket betyr at dei held fram. Vi er kjempenøgde, seier Wenche Lie Lysne.

Avgjerda på gårsdagens styremøte betyr at alle dei 26 stillingane som er knytte opp mot den ortopediske avdelinga ved sjukehuset, er berga. I alle fall inntil vidare.

Som venta avgjorde styret i Helse Førde i går å kutte akuttberedskapen i kirurgi ved lokalsjukehusa i Eid og Lærdal. Vedtaket inneber at alle kirurgiske inngrep i heile Sogn og Fjordane i framtida skal skje ved Førde sentralsjukehus.