Kommunestyret vedtok i går at i løpet av to år skal terapibassenget på Straume stå klar til bruk.

Kommunen har vald ei mellomløysing til 35 millionar kroner som i tillegg til basseng skal ha plass til ergoterapi, fysioterapi og poliklinikk. Det kan bli aktuelt å utvida tilbodet seinare i eit fellesprosjekt med Helse Bergen.

— Dette har me arbeidd med i 10-15 år, og vedtaket i går er ein siger for saka, seier terapientusiast Nils Neset til Kystradioen.