• Heilt topp! Det er reaksjonen til kioskeigar Kjell Røkenes i Ulvik. Innstillinga frå Samferdslekomiteen i Stortinget har gledd mange i Hardanger.

ARNE HOFSETH

— At alle andre parti enn SV no går inn for å få Hardangerbrua på plass, er gledeleg, seier kioskeigaren som har stridd for brua i nær 20 år.

Han vedgår at han var spent på korleis Venstre ville stilla seg. Sjølv i Ulvik, der både partileiar Lars Sponheim og den nye generalsekretæren Terje Breivik har vore ordførarar, har det vore uvisse om kva standpunkt Venstre ville landa på. Tysdag røysta partigruppa i Hordaland fylkesting mot.

Forsiktig flagging

Flagg gjekk til topps i Hardanger i går, men slett ikkje i uhorvelege mengder. Det var helst ved heradshusa det vart flagga. Folk flest ventar gjerne til Stortinget har votert 15. juni. Etter alle vonbrota, er det mange som ikkje vågar å tru på brua før dei ser henne.

Men Folkeaksjonen for Hardangerbru flagga. Sverre Kleivkås, som står i brodden for 1159 aksjonistar, fekk halda i flagghjørnet då ordførar Solfrid Borge heiste flagg i Ullensvang i går morgon.

— Hardangerbrua er eit gigantisk lokalt spleiselag. Bilistane må betala den største biten i form av bompengar. Men i motsetnad til ferjebilletten, som utan bru må betalast til evig tid, vil bompengane ta slutt etter 15 år, uttalar aksjonsformannen.

Kleivkås hevdar at Hardanger ikkje maktar å snu trenden med nedgang i folketal og arbeidsplassar utan brua. Når ho står ferdig i 2010, får ein ikkje berre ferjefritt samband mellom Bergen og alle delar av Hardanger. Her er forgreiningar mot nord, sør og aust. Voss og Hardanger kan bli ein arbeidsmarknad.

Trygg

Kioskeigar Røkenes er med blant frontfigurane i Kleivkås sin relativt nye folkeaksjon, og han har vore med i brukampen i nærare 20 år.

Neste år er det 20 år sidan Vallaviktunnelen opna, etter fleire års planlegging og sprenging. Tunnelen skulle vera første steg i arbeidet med å knyta saman vegsystema på begge sider av fjorden. Ved den offisielle opninga i 1985 sa samferdsleminister J. J. Jacobsen dei mykje siterte orda: «Har du klave, så får du ku. Har du tunnel, så får du bru!»

Kjell Røkenes trur at no vert lovnaden innfridd.

— Er du ikkje redd for at kravet om å gjera greie for tilførslevegane kan setja kjeppar i hjula?

— Nei, legg merke til formuleringa. Det står ikkje at alle tenkelege vegar skal vera med i prosjektet. Då sprenger ein lett kostnadsramma. Det må vera nok med brua og dei vegane som trengst for å koma inn på eksisterande vegnett. Anna vegopprusting må koma etter kvart, slik ein har gjort det alle andre stader.

— Men har det ikkje vore antyda at også tunnelar oppe på Hardangervidda bør belastast brua?

— For dei som ikkje vil ha bru, er det inga grense for kva dei vi belasta Hardangerbrua. Det måtte i tilfelle vera Svenskegrensa! Men no har nesten alle partia på Stortinget signalisert velvilje for brua, påpeikar Røkenes.

HURRA! Flagg gjekk til topps i Hardanger i går, i alle fall ved Heradshuset i Ulvik. Folk flest ventar gjerne til Stortinget har votert 15. juni før dei trur at brua blir ein realitet.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH