I DAG SNAKKAR VI MED:

ØYSTEIN J. LAUPSA

Alder: 88

Sivilstand: Enkjemann

Yrke: Bilethoggar

Bur: Øystese

Aktuell: Har laga eit relieff av Knut Hamsun til den nye kulturløypa i Øystese som vert opna 1. juni.

– Kvifor Hamsun i Øystese?

– Fordi han var her ein gong, og fordi Atle Austestad har skrive ei bok om opphaldet hans. Dermed var det naturleg å ha ein slik post i naturløypa.

– Kven har stått modell?

– Eg har laga relieffet slik eg trur han såg ut på den tida. Utgangspunktet mitt er eit bilete av han i 24-25 årsalderen. Diverre er biletet ikkje særleg godt når det gjeld djupnedetaljar, eg må berre tenkja meg korleis han var.

– Kva tid var han i Øystese?

– Han oppheldt seg her i fire månader hausten 1879, på veg til København med eit manuskript. Då var han 20 år gamal, litt yngre enn på biletet.

– Relieffet er første stopp på kulturløypa, men du står også bak neste stopp?

– Ja, «Jente på stamme» er ein skulptur som eg laga på nittitalet, avduka 17. mai 1997. Motivet er ei jente som strekkjer seg etter si grein på slektstreet.

– Men så får ein kjend sambygding sleppa til. Har Ingebrigt Vik vore ei inspirasjonskjelde?

– Eg var berre ni år då han døydde, og kan ikkje seia at eg lærde noko av Ingebrigt Vik personleg. Men etter at Vik-museet vart opna i Øystese i 1934 har eg sjølvsagt studert arbeida hans inngåande.

– Korleis byrja du som skulptør?

– Eg byrja i treskjering— og snikkarlære for 14-åring, men treivst ikkje heilt med arbeidet på møbelverkstaden. Som 20-åring reiste eg til Oslo og byrja på Statens Kunst- og Handverksskule.

– Og deretter på Statens Kunstakademi?

– Nei, der var det nazisympatisørar blant lærarane. Eg var blant dei som gjekk på det såkalla Jøssingakademiet under krigen.

– Og no med eit relieff av Hamsun. Kva materiale har du brukt?

– Relieffet er i bronse, og har Hamsun sitt namnetrekk inngravert.

– Du reiste heim i 1947. Kan ein leva av bilethogging i Hardanger?

– I kombinasjon med arbeid på møbelfabrikken, og med ei kone som dreiv bokhandel, har det gått sånn nokolunde.

– Kvar står arbeida dine?

– Eg har fleire ståande her i Kvam. «Arbeidsmannen» står sentralt i Ålvik, og i Norheimsund har to bukkar ståande ved sjukeheimen, og ei jente som matar fuglar ved rådshuset.

– Kor mange til saman?

– Om lag 200.

AV ARNE HOFSETH

BILETHOGGARVETERAN: Øystein J. Laupsa (88) sitt hittil siste arbeid blir første stopp på den nye kulturløypa som Øystese Grendeutval og Kvam Kulturminnelag har laga frå Turistinformasjonen via parken, kyrkja og Ingebrigt Vik-museet til den nye tusenårsstaden Kabuso.