Jorun Lødemel har vore rektor ved Voss vidaregåande skule. Dotra Astrid var blant landets fremste alpinistar, med OL-medaljar frå Nagano i 1998.

Stig Gunnar Røthe er vald til ny nestformann i Vekselbankstyret. Han er administrasjonssjef i Skigutane AS, og har tidlegare vore rådmann i Vaksdal og kommunalsjef i Voss.

Dagfinn K. Gjøstein er nytt styremedlem og Hans-Erik Ringkjøb — Ap sin gruppeleiar i Voss kommunestyre - er ny varamedlem.

Gunn Bjørg Bryn er attvald som formann i representantskapen, med Lars Even Lemme for nestformann.