I ein nyharva åker i Etne går ein mann og svingar ei metallstong taktfast frå side til side. Jan Terje Rafdal (38) har her sveipa med detektoren sin så mange gonger at han ikkje utan vidare stoppar opp ved eitkvart lydsignal apparatet reflekterer frå metall i bakken.

— Det gjeld å få tydelege og konsise signal. Vræl og høge hyl tyder som regel søppel, seier han og held fram vandringa over jordet. Signalfrekvensen er høg, då jorda skjuler mange jernrestar etter smia som låg her.

— Men du veit aldri. Gullringen eg fann her i fjor gav frå seg eit skikkeleg søppelsignal, seier Rafdal om fjorårets funn av ein vakker ring frå tidleg 1600-tal – samme dag som ein kompis fann eit middelaldersk vektlodd forma som ein messinghest.

Jubel på jordet

— Då blei det jubel i åkeren. På dette jordet har eg óg funne tolv sølvmyntar frå 1600- og 1700-talet, og haugevis med eit par hundre år gamle koparmyntar og muskettkuler, seier Rafdal, som har reindyrka hobbyen sin dei siste tre åra ved hjelp av ein Fisher-detektor frå 1990-talet.

Det er den gamle presetgardsjorda nedanfor Stødleterrassen at Rafdal og eit par metalldetektorvener har funne ein ynda søkjeplass. Bonden har pløgd og fresa jorda før årets grassåing. Perfekte, revitaliserte forhold for ein metallsøkjar. Oppå terrassen – som er ein kjempemorene av grus og stein – ligg Stødle-kyrkja som den lokale stormannen og kongefaren Erling Skakke skal ha starta bygginga av midt på 1100-talet. Det historiske anlegget er freda som kulturminne, og difor utilgjengeleg med metalldetektor.

Kulturhistoriske skattar

Men på prestegardsbøen kan hobbymetallsøkjarane gå, om dei har grunneigarsamtykkje. Jorda rundt dei gamle bygningane som brann ned her i 1658, skjuler mengder av det som for Jan Terje Rafdal er store lokal- og kulturhistoriske skattar.

— Det er fascinerande å ta opp ting som har lege i jorda i tre-fire hundre – kanskje tusen – år.

Det er vår og ein svak eim av nyspreidd møk heng over jordbruksbygda Etne. Store traktorar køyrer att og fram forbi prestegardsbøen og Etne planteskule, som er brakklagt, den óg.

Muskettkule

Etter fem minutt på jordet pip det skarpt i søkjaren. Rafdal tek først fram ein probe – ein minimetallsøkjar – for å lokalisera gjenstanden meir nøyaktig, og så ein liten spade for å grava etter det han trur er ei muskettkule. Funnet viser seg å vera ein tilsynelatande uinteressant jernbolt. Men han går i lomma til Rafdal, finreinsking i atelieret kan avsløra om også dette er ein lokalhistorisk godbit.

— Ein må vera obs på overraskingar. Sjølv ting som ser ut som bos krev varsemd. Denne aktiviteten gir både opp- og nedturar. Her gjeld det å vera tålmodig. Eit godt funn på to-tre timar er bra.

Detektoren til Rafdal pip stadig vekk, men han går vidare i eit stripemønster på hundre meter att og fram. Plukkar no og då opp restar av gamle krukker og kritpiper som er pløgde opp i dagen. Så kjem ein lyd Rafdal likar. Han stoppar opp og set spaden i jorda att.

— Kanskje ei muskettkule – dei forkler seg i all slags lyddrakter, seier han og plukkar fram nok eit jernbeslag som går i lomma.

Så kjem godlyden

Så, etter ein times sveip over jordet kjem godlyden Rafdal har venta på.

— Det kallar eg eit kremsignal. Ei muskettkule eller ein sølvmynt, seier han, finsøkjer med proben og plukkar bort mold.

— Endeleg! Dette er gammalt, det ser ut som ei kleshekte i sølv eller kopar, kanskje seletøypynt til hest – kan henda frå 1600-talet eller eldre.

Vi forlet prestegardsjorda saman med Rafdal. To timar etter at vi har reist frå Etne, sender han ei mobilmelding med bilde av ein liten mynt i ei hand og teksten "Litt lengre borte: 2 skilling sølv, lybsk, prega under Christian IV ca 1630." Han var tilbake i åkeren som gav han nok ein god søkedag.

RIK AVLING: Den gamle prestegardsmarka under Stødleterrassen i Etne har gitt kunstnar og metallsøkjar Jan Terje Rafdal mange gleder i form av detektorfunn av inntil 400 år gamle myntar og pyntegjenstandar.
ROAR CHRISTIANSEN