Det var i 1995 at jordmora og kommunen avtalte ei endring i beredskapsordninga for jordmora. Til da hadde ho hatt fast beredskapsvakt kvar tredje helg, noko som ikkje alltid samsvarte spesielt bra med tidspunkta fødslane kom på.

Så i staden for å måtte halde seg parat i Gulen kvar tredje helg, skulle jordmora få ei fast løn og arbeide når det trengst. Men no viser det seg at jordmora ikkje har fått utbetalt ordinær grunnløn for dei timane ho har jobba ekstra i helgane, ho har kun fått utbetalt tillegget.

— Pengekrav blir normalt forelda etter tre år. Vi vil etterbetale timar frå og med år 2002, seier rådgjevar Ann Gunn Løklinholm i Gulen kommune til avisa Firda.

Dermed kan den gratisarbeidande jordmora vente seg ein plass rundt 100.000 ekstra kroner i løn med det første.