• Her er humøret labert. Men vi er letta over at avgjerda endeleg er teken.

Slik skildrar jordmor Astrid Ruud stemninga ved fødeavdelinga på Lærdal sjukehus etter at det ved middagstider i går vart kjent at helseminister Dagfinn Høybråten har bestemt seg for å leggja ned fødeavdelinga ved sjukehuset.

Ruud fortel at det vore ei påkjenning og eit press å arbeida på fødeavdelinga så lenge framtida har vorte uviss.

— No er framtida avgjort og vi veit kva vi har i vente. Akkurat det er ein lette.

Alle dei åtte fast tilsette jordmødrene og dei tre vikarane som i dag arbeider ved sjukehuset, har bestemt seg for å seia opp.

— Vi kjem til å seia opp ein for ein i løpet av sommaren slik at ingen kan oppfatta det som ein kollektiv og ulovleg oppseiing, presiserer Ruud

Ho understrekar at alle jordmødrene skal vera ute frå sjukehuset til 1.oktober. Innan den tid skal arbeidet med å planleggja og organisera det nye fødestova vera i gang.

— Det skal ingen av oss vera med på, seier ho.

— Mange av dykk er etablerte med familie i Indre Sogn. Korleis vurderer de utsiktene til å få nytt arbeid i distriktet?

— Til no har vi ikkje tenkt så mykje konkret på den framtidige arbeidssituasjonen vår. Vi har hatt meir enn nok med å kjempa for fødeavdelinga. Nokre av oss kjem nok til å forlata helsesektoren, Det kan også vera at nokre vil arbeida som sjukepleiarar. Men det ikkje aktuelt for nokon av jordmødrene som no er tilsette på Lærdal Sjukehus å gå inn i kommunehelsetenesta. Der vert alt kaos som følgje av nedlegginga, seier Rud.

Overlege ved kirurgisk avdeling, Geir Øverland, har tidlegare sagt til BT at han ikkje har kompetanse til å utføra keisarsnitt ved fødestova.

— Er føresetnaden at det skal utførast keisarsnitt ved ei forsterka fødestova, må der vera ein gynekolog. Vi kirurgar kan ikkje gjera dei vurderingane som må til på førehand, seier han.

Leiar for aksjonen «Forsvar Lærdal sjukehus», Bente Øien Hauge, seier ho vert provosert av at helseministeren hevdar han vil gjennomføre omlegginga av omsyn til tryggleiken for dei fødande.

— Dette vedtaket er ikkje gjennomført på grunnlag av helsefaglege grunnar. Det er ein politisk styrt prosess som styret i Helse Vest og fleirtalet i styret i Helse Førde ville gjennomføra, kosta kva det kosta ville, seier ho.