Under overskrifta «Stopp avviklinga av distriktsjordbruket» viser oppropet til Soria Moria-fråsegna, og ber om at dei små bruka i blir tilgodesett ved årets jordbruksoppgjer.

Oppropet er kome i stand etter eit initiativ frå Senterpartiet, og blant dei som har skrive under er ordførar på Voss, Bjørn Christensen (Ap), leiar i Sogn og Fjordane SV, Heidi Kathrin Osland og leiar for Sogn og Fjordane Ap, Tor Bremer.

— Stolar de ikkje på eiga regjering når de sender ut eit slikt opprop?

— Vi stolar på regjeringa, men i forkant av jordbruksoppgjeret ønskjer vi å minna om at det må satsast meir på småskalabruka i distrikta. No har vi ei regjering som ønskjer ein ny kurs, og landbruket er kanskje den sektoren som aller mest treng ein ny kurs, seier Sigrid Brattabø Handegard som er leiar i Hordaland Sp.

I Soria Moria-fråsegna står det mellom anna at tilskota må gjevast ein klårare distriktsprofil og få ei utforming som tek vare på målet om mangfald og variasjon i bruksstorleik.

«Dette er viktige punkt. Om dei blir lagt til grunn for statens tilbod i årets jordbruksforhandlingar, kan det vera det fyrste steget i retning av eit norsk landbruk som både er økonomisk og politisk berekraftig», heiter det i fråsegna.