Då klokka var passert halv sju, og ingen brudgom var å sjå, blei det sett i gang brudgomjakt. Ein etter ein blei smågutane spurde, men dei viste seg å vera lite gifteklare.

— Vil du vera brudgom?

Ein liten pjokk ristar bestemt på hovudet til svar.

— Nei, då får det bli jentebryllaup då.

Og slik blei det. For ingen av glesværgutane var villige i går. Sjølv om dei hadde sjansen til å gifta seg med heile tre jenter. Men som ei dame påpeika; i desse dagar giftar jo jenter seg med jenter og.

Tre brurer?

Kven som til slutt gifta seg med kven er ikkje godt å seia, kanskje var dei tre brurer? Eller var dei to brurejenter og ei brudgomlaus brur? Det som iallfall er heilt sikkert er at Julie Menes Thode (3) var brur. For ho hadde både brureslør og blomekrans av raudkløver i håret, som bestemor hadde laga til henne.

Det såg no for så vidt ikkje ut som at jentene sakna gutane så veldig, heller.

— Var det dumt at ingen gutar ville vera med? Spør Marianne Hagenes dottera Birgitte (5) etter at brurefølgjet har kome i mål.

Birgitte ristar forsiktig på hovudet og spring vekk. Nei, tapet var visst ikkje så stort. Is, brus, lappar og pølser var mykje meir interessant.

Ferdig rømmegraut

Bygdefolket på Glesvær møtte mannsterke opp til jonsokfeiring i går, som dei gjer kvart år, skal me tru dei. I år var det Glesnes Kvinne- og Familielag og Glesnes speidargruppe som hadde regien, med Hildegun Sørheim i spissen. Ho tok oppgåva alvorleg, og gjekk rundt med ropert, for å vera sikker på at alle beskjedar blei høyrde.

— Det har gått veldig bra. Folk har stått på i ein månad no for å få dette til. Men eg må innrømma at me har ferdig rømmegraut i år, smiler Sørheim.

Skal me tru bygdefolket gjer ikkje det noko, for grauten fall godt i smak.

Spesielt i år var avdukinga av eit minnesmerke etter båten MS Valborg, som gjekk ned i 1941 på vegen frå Glesvær til Shetland. Om bord var sju mann, seks frå Glesvær og ein bergensar, som alle omkom.

Kvelden blei som seg hør og bør avslutta med eit flott jonsokbål. Havet i bakgrunnen danna ei vakker ramme rundt det heile.

Fest på smånipen

I nabobygda Kausland var dei ikkje dårlegare. Her arrangerte Kausland velforeining jonsokfeiring på idylliske smånipen. Her har bygdefolket køyrd opp sand og laga sandstrand, noko som passa ypparleg for barna i går.

— Ja, me har det veldig kjekt. Eg trur me er nærmare 60 personar her, seier jonsoksjef på Kausland, Mona Evensen.

— Nei, me er 70! Eg har talt, kjem det kontant frå ei.

Og det må jo seiast å vera veldig bra. Det var i alle fall ikkje noko å seia på stemninga på smånipen, som må ha vore ein av dei lunaste plassane på Vestlandet i går.