Då kommunestyret i Kvinnherad torsdag skulle avgjera kva trasé Jondalstunnelen skal gå i gjennom bygda Nordrepollen, vart det meir spanande enn mange hadde tenkt på førehand. Til slutt fekk ordførar Bjarne Berge frå Tverrpolitisk samlingsliste med seg fleirtalet på at det beste var å velja alternativet som på førehand var sett fram som 40 millionar dyrare enn det Hordaland fylkeskommune har godkjent finansieringsplan for.

No må heile Jondalstunnelen utsetjast på ubestemt tid fordi finansieringa ikkje lenger er klar.

— Dette vedtaket er med på å gjera det vanskelegare å få prosjektet til, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til BT.

Lang røystingsprosess

Røystinga under kommunestyremøtet torsdag var heller ikkje enkel. To røystingsrundar måtte politikarane gjennom før ein så vidt samla seg om eitt alternativ. I første runde røysta ein over to alternativ, tunnel utanom bygda Nordrepollen eller tunnel heilt frå Folgefonntunnelen til Jondal mot alternativet veg gjennom Nordrepollen og ein kortare tunnel. Desse forslaga fekk fire, 18 og 22 røyster. Då ordførar Bjarne Berge nytta dobbeltrøysta si, vart det billegaste alternativet med kortast tunnel nedstemd.

Deretter røysta ein over om ein skulle velja alternativet med litt veg og litt tunnel eller berre tunnel. Det siste alternativet var opphavleg vraka frå reguleringsplanen på eit tidlegare tidspunkt, fordi det er mykje dyrare enn dei to andre.

Til slutt vart det alternativet som har fått namnet S6 som fekk flest stemmer. Dette alternativet er 40 millionar dyrare enn alternativ S9, veg gjennom bygda. Rådmannen i Kvinnherad hadde føreslått at kommunen løyva 12,5 millionar av dei 40 som manglar, men det vart ikkje vedteke i kommunestyret.

- Mykje betre alternativ

— Alternativet som fekk fleirtal er så mykje betre, og me meiner at kostnadsskilnaden ikkje er så stor som 40 millionar, seier ordførar Berge.

— No bør Stortinget koma på bana med ekstra løyvingar, seier han.

Berge seier han er ein nøgd mann som har røysta for noko han verkeleg trur på, og meiner at saka ikkje treng verta utsett så lenge dersom fylkeskommunen raskt tek tak i saka.

— Eg skal bidra med det eg kan, og skal få grunneigarspørsmålet raskt avklart. Me sparar óg pengar på at me ikkje må rekna på to alternativ, seier han.