Røystinga i kommunestyret i Kvinnherad enda 22-22 i dag. Då måtte ordførar Bjarne Berge bruka dobbelstemma si for å fatta eit vedtak, og han stemde for det som heiter alternativ S6 i reguleringsplanen. S6 går ut på å leggja vegen i tunnel utanom bygda Nordrepollen. Alternativet var S9, veg gjennom bygda og ein kortare tunnel.

S6 er det dyraste alternativet. Sidan kommunestyret no har røysta for dette, betyr det at Jondalstunnelen vert utsett fordi finansieringa ikkje lenger er i orden.