Kvinnherad kommunestyre vedtok i går S 9 som traseval for Jondalstunnelen. Det betyr at Samferdsledepartementet endeleg kan starta arbeidet med stortingsproposisjonen.

Dermed blir det veg gjennom bygda Nordrepollen fram til tunnelopningen. Tunnelen vil verta ca. 8,3 kilometer lang.

Kvinnherad kommunestyre gjekk dermed bort frå vedtak frå mai i fjor og februar i år om S 6, ein lengre tunnel som går utanom og sparer Nordrepollen for store inngrep i landskapet. Lengda på denne tunnelen er 9,7 kilometer.

Vedtaket i går vart gjort med 29 mot 15 røyster, og er i samsvar med finansieringsplanen som vart vedteken av fylkestinget i mai i fjor.

Vonar på S 6

Dagens vedtak betyr likevel ikkje at Kvinnherad har gjeve opp vona om å spara Nordrepollen. Punkt 3 i vedtaket seier at det skal innhentast anbod for båe alternartiva, og jamvel for ein tunnel heilt fram til Austrepollen, dersom det ikke seinkar heile prosessen.

Dersom alle desse alternativa etter anbod kjem ut med lågare pris enn den vedtekne finansieringsplanen på 529 millionar kroner, skal alle tre fremjast att for ny politisk vurdering, heiter i det vedtaket frå Kvinnherad.

Fire anbod

No har Samferdselsdepartementet tenkt å gå endå lengre enn dette.

— Vi vil føreslå i proposisjonen at Stortinget opnar for fire anbod for ulike alternativ. To alternativ på Jondal si side og to på Kvinnherad si side av tunnelen. Så vert det opp til Hordaland fylkeskommune å avgjera om dei vil gjennoføra anbod på alt, seier statssekretær Steinulf Tungesvik til Bergens Tidende.

— I utgangspunktet er vi innstilte på få anbod på alle fire alternativ, for å få ei best mogleg løysing på trasevalet. Men vi vil ta ein ny gjennomgang på dette, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, KrF, til Bergens Tidende.

Vil spara landskapet

Finansieringsplanen for Jondalstunnelen lyder på 529 millionar kroner. Dette er den billegaste løysinga, men ho er omstridt både på Kvinnherad si side og på Jondal si side av tunnelen. Både Jondal, Kvinnherad og fylkeskommunen er innstilte på å gå for løysingar som sparer landskap og busetnad dersom anbodsrundane viser at dette er mogleg innanfor 529 millionar kroner.

Eit fyrste teikn på det får vi når kvalitetskontrollen av Statens vegvesen sine kostnadsoverslag er unnagjort. Arbeidet pågår på oppdrag frå Samferdsledepartementet. Steinulf Tungesvik kunne i går ikkje seia presist når dette resultatet ligg føre.

Det som er sikkert alt no, er at Stortinget i alle fall ikkje får Jondalstunnelen til avgjerd før sommarferien.

VEDTATT: Veg gjennom Nordrepollen og tunnel til Jondal. Det var gårsdagens vedtak i Kvinnherad kommunestyre.