Vedtaket betyr at det no er fullt samsvar mellom dei vedtekne planane for tunnelen og finansieringsplanen på 529 millionar kroner.

Jondalstunnelen kan dermed sendast over til Samferdsledepartementet, som vil leggja fram ein proposisjon for Stortinget.

Vedtaket torsdag betyr også at vedtaket frå 9. februar er oppheva. Den gongen vedtok kommunestyret S 6, med tunnel utanom Nordrepollen.

Vedtaket var eit fellesforslag frå Ap, Rv, Frp, V, H og Sp, og lyder slik:

  1. Kvinnherad kommunestyre vil ha bygt tunnelsambandet mellom Jondal og Kvinnherad så snart som råd.
  2. Kvinnherad kommnestyre opphevar vedtaket om S 6-alternativet.
  3. Kvinnherad kommunestyre meiner sambandet må løysast utan at det skal løyvast kommunale midlar.
  4. Komunestyret vedtar at S 9-skal regulerast. Ei sak om regulering for S 9 skal leggjast fram på neste kommunestyremøte. Føresetnaden er at dette alternativet, saman med S 6, vert sendt ut på anbod. Det same skal S 7 ( tunnel frå Nordrepollen-Austrepollen, red. m.) dersom det ikkje forseinkar prosjektet vesentleg. Alle alternativa skal vurderast dersom dei er lågare en noverande fullfinansierte sum på 529 millionar kroner.