Vedtaket, som vart gjort med 27 mot 18 røyster betyr at det vil vera fullt samsvar mellom dei vedtekne planane for tunnelen og finansieringsplanen på 529 millionar kroner.

Kommunestyret har dermed snudd om på vedtaket frå 9. februar, der S 9 vart vraka til fordel for S 6, som er ein lengre tunnel utanom Nordrepollen. Vedtaket den gongen førde til at framdrifta i saka stogga, fordi vedtaket ikkje samsvara med finansieringsplanen.

Resultatet i går var og eit nederlag for ordførar Bjarne Berge frå Tverrpolitisk Samlingsliste. Han har kjempa hardt for å få ei vegløysing som verna bygda Nordrepollen frå store inngrep i landskapet.

Men andre tok vedtaket som ein siger.

— Dette var godt. No er vi endeleg komne i gang att, seier ein glad og letta Svein Børslien i folkeaksjonen for Jondalstunnelen, til Bergens Tidende.

Men saka må fram at i neste kommunestyremøte.

Grunnen er at reguleringsplan for Jondalstunnelen ikkje stod på sakskartet.