Fylkestinget vedtok også at tunnelen må finansierast innanfor overgangsordninga for fylkesvegprosjekt, som Stortinget har vedteke.

Det er snakk om 50 millionar kroner frå Stortinget utanom riksvegrammene. Fleirtalet — H, KrF og Frp - gjekk mot ekstraløyvingar i fjor haust, men no er Arne Sortevik i gang med å overtala si stortingsgruppe til å snu.

Fleirtal på Stortinget

— Eg er optimistisk, seier Arne Sortevik til Bergens Tidende. Lukkast han, er det fleirtal på Stortinget, noko som vil spara fylkestinget for den tunge oppgåva det ville vera å plassera Jondalstunnelen på sin rette plass mellom dei prioriterte vegplanane for riksvegar i Hordaland.

I saka om todeling av vegnettet i Hordaland vedtok fylkestinget, for å vera sikre, at dersom Jon-dalstunnelen vert omklassifisert til riksveg, så må likevel overgangsordninga for fylkesvegar gjelda inntil tunnelen er ferdig bygt.

Skræmande tanke

Under debatten i fylkestinget låg heile tida den skræmande tanken at Jondalstunnelen og Hardangerbrua kanskje kan enda som riksvegar båe to, slik at dei kjem i direkte konkurranse med kvarandre både når det gjeld pengar og lokal oppslutnad.

For å førebyggja ei slik utvikling, samla dei store partia seg om eit tilleggsvedtak som slær fast at Jondalstunnelen ikkje skal fortrengja dei riksveganlegga som fylkestinget alt har prioritert i Nasjonal Transportplan 2002-2011.

Truverdet til fylket

Når det galdt finansieringa av tunnelen, ville KrF og H venta til planane var ferdige og dei visste meir nøyaktig kor mykje tunnelen ville kosta. Dei 30 millionane som fleirtalet i fylkestinget fann til oppstart i 1995, var m.a. pengar som kommunane Austevoll, Askøy og Bergen skal ha attende etter at dei har forskottert bygging av fylkesvegar.

KrF og H meinte at det stod om truverdet til fylkeskommunen om desse pengane ikkje vart betalte attende til rett tid. No vert desse attendebeta-lingane utsett med eitt år.

I tillegg måtte det hentast litt frå sekkepostar, som trafikksikring og vedlikehald.