Jondalstunnelen ligg no i Vegdirektoratet. Etter planen skal han om nokre dagar sendast over til Samferdsledepartementet. Neste steg er ein bompengeproposisjon til Stortinget. Alle har venta at dette skulle gjerast unna i vårsesjonen, med anleggsstart i 2006.

Men i går fekk fylkesutvalet sjå eit brev frå regionvegsjef Ole Chr. Torpp, datert 30. mars. Der skriv vegsjefen at bompengeinntektene i Jondalstunnelen kan koma heilt ned i 62 millionar kroner, i staden for 105 millionar, som er ført opp i finansieringsplanen.

Fylket må visa korleis denne moglege skilnaden på vel 40 millionar kroner kan finansierast før proposisjonen om Jondalstunnelen kan leggjast fram for Stortinget, skriv Ole Chr. Torpp.

Kort frist

— Dette brevet betyr at vi må ta saka om Jondalstunnelen opp på nytt. Ingen her forstår korleis vi skal finna 40 millionar kroner, seier fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg til Bergens Tidende. - Men vi har kort tid på oss for å sjå kva vi kan få til. Innan 9. april må bompengesøknaden for Jondalstunnelen sendast over frå Vegdirektoratet til Samferdsledepartementet. Vi må sjå om vi kan få skubba på den fristen, seier Selsvold Nyborg.

Finansieringsplanen og bompengesøknaden for Jondalstunnelen vart vedteken av Hordaland fylkesting i desember 2004. Prisen er rekna til 495 millionar kroner. Av dette var bompengar ført opp med 105 millionar.

Tidspress

Ole Chr. Torpp skriv i brevet til fylkeskommunen at arbeidet med finansieringsplanen i fjor haust gjekk føre seg under eit stort tidspress, og at vegvesenet hadde hatt bruk for meir tid til å kvalitetssikra grunnlaget for finansieringa av Jondalstunnelen.

I brevet listar Torpp opp ei rekkje faktorar som han meiner gjer det svært vanskeleg å spå kor mykje trafikk som vi velja Jondalstunnelen på strekninga Odda-Bergen når han er ferdig rundt 2009-10:

Mange alternativ

n Agaparsellen er ferdig neste år. Då er det god veg på heile strekninga Odda-Utne.

n Årsnes ferjekai kan stå ferdig i 2007. Det kortar vegen Odda-Bergen over Gjermundshamn.

n Hardangerbrua kan stå ferdig i 2010. Vegsjefen meiner at overføring av trafikk til Jondalstunnelen frå eit ferjefritt samband over Hardangerbrua er sett altfor høgt.

n Vossapakko kan vera ferdig i 2010. Ny veg gjennom Skjervet kortar vegen Odda-Bergen i tillegg til Hardangerbrua.

Regionvegsjefen er og kritisk til at fylkestinget tok ut av finansieringsplanen 15 millionar kroner til rassikring på den smale tilførslevegen til Jondalstunnelen mellom Austrepollen og Nordrepollen.