Stortingsrepresentant Arne Sortevik frå Frp i Hordaland har engasjert seg i saka. Sortevik er no inderleg lei somlinga i Samferdselsdepartementet og i Vegdi-rektoratet, og spør rett ut:

– Er det krefter i departementet eller i Statens vegvesen som motarbeider Jon-dalstunnelen?

Bergens Tidende fekk i går ikkje kontakt verken med samferdsleminister Torild Skogsholm eller statssekretær Arnfinn Ellingsen. Men 6. oktober svarde sam-ferdsleminister Torild Skogsholm dette på spørsmål frå Arne Sortevik:

«Prosjektet Jondalstunnelen er ikke klart til å fremmes for Stortinget av denne Regjeringen. Saken er hittil ikkje kom-met til Samferdselsdepartementet. Det gjenstår blant annet å ta stilling til om det skal foretas ytterligere kvalitetssik-ring eller ikke».

På grensa

Vegdirektør Olav Søfteland er for tida bortreist.

Fungerande vegdirektør Kjell Haaland må spyrja seg føre i byråkratiet når han frå spørsmål om saka frå BT.

– Formelt ligg saka hjå oss. Etter det eg har fått opplyst, har vi sendt brev med spørsmål til Samferdsledepartementet om vi skal kvalitetssikra Jondalstunnelen. Dette har vi ikkje fått svar på, seier Kjell Haaland til BT.

– Kva kan vera problemet?

– Dette er litt uklårt. Kostnaden er rekna til 495 millionar kroner. Og grensa for kvalitetssikring er 500 millionar kroner. Dessutan er Jondalstunnelen fylkesveg, og det må avklarast om det trengst kvalitetssikring av eit fylkesvegprosjekt. Der-som svaret er at Jondalstunnelen skal kvalitetssikrast, kjem han nok ikkje til Stortinget på denne sida av årsskiftet, seier Kjell Haaland.

For passive

– Eg har ingen ting imot at dei kvalitetssikrar tunnelen. Men no bør dei ta ei avgjerd, og slutta å tvinna tommeltottar, seier Arne Sortevik.

Som fylkesvegprosjekt skulle Jondalstunnelen normalt ikkje vore slutthandsama i Stortinget, men i Horda-land fylkesting. Jondalstunnelen skal delfinansierast med bompengar, og alle bompengeprosjekt skal godkjennast av Stortinget.

Fylkestinget i Hordaland vedtok onsdag samrøystes ei fråsegn som oppmoda vegstyresmaktene om få fart i saka om Jondalstunnelen. Arne Sortevik er nøgd med det. Men samstundes meiner han at administrasjonen i fylket har vore altfor passive. Dei burde stått på og purra på dei som har saka i Vegdirektoratet.

Arbeidet går sin gang

I Statens vegvesen Region vest tek dei saka med tol.

– Om Jondalstunnelen kjem til Stortinget no eller etter jul, så spelar det liten rolle for framdrifta av prosjektet. Fylket har løyvd 5 millionar kroner til prosjektering, og det arbeidet er i gang uavhengig av korleis handsaminga skrid fram i Oslo. Vi reknar framleis med at vi får anleggsstart på Jondalstunnelen mot slutten av 2006 eller i overgangen til 2007, seier Per Steffen Myhren til Bergens Tidende.