Berre eit mindretal ville ha den lengste tunnelen mellom Torsnes i Jondal og Nordrepollen i Kvinnherad.

Dermed gjekk fleirtalet, beståande av Arbeiderpartiet, Framstegspartiet og Høgre, for det nest dyraste alternativet. Det gir ein tunnel på 9,5 kilometer og ytterlegare eit rasvern og fanggjerde.

Dette var også innstillinga frå fylkesrådmann Paul M. Nilsen.

Den lengste tunnelen ville kosta nær 70 millionar meir, men ville spart meir av landskapet.

Diskutèr saka her:

STRIDENS KJERNE: Nordrepollen i Kvinnherad har stått i sentrum for striden om beste løysinga for Jondalstunnelen.
JAN RABBEN (arkiv)